Ja sjølv om ikkje alt blir slik eg kunna sett det for meg blir eg full av oppussingsenergi!!
Elles rare samtaleemne i familien gullfisk vs valp :)))))
Jaja, ein får gjer det som går så i går var eg og Katja på tur rundt vatnet, etter ein kvil heime tok vi med oss valpane på turned i sentrum...Herlig familie filmsløvings på kvelden.
Katja, eg og "Sky" på tur rundt vatnet i deilig vårsol...
Innom butikken ein kjapp tur på heimvegen der eg hadde 5 minutts "terapi" med å lage fleire slik dekorasjonar som har felt i smak med fleire...
Så kunne eg få halde hund i band då vi tok med oss valpane på tur i sentrum med innlagt godbitsøk i butikken og tusenårsplassen med Breisundet rett ut...
Besøk med svigermor/farmor, for så inn til mamma og pappa på deilig middag og familietid ❤️❤️❤️
Her med meg går det framover med fortsatt grei hevelse i ryggen, nedtrapping av dei tyngre smertelindringane og med det litt låkare i operasjonsområda i ryggen og hofta der dei tok ut bein. Folk har spurt kor det går ang smerter og det er sjølvsagt vanskelig å sei når det fortsatt er operasjonssmerter og går med lindring. Men no i kveld må eg vel
berre konstatere og innsjå at smertene som har plaga meg stort når eg sit er tilbake no når eg har gått ned på bruken av medikament. Akkurat DET, det er litt dritt å kjenne på tenke eg men lite å gjer med, og eg har fortsatt ikkje mista trua på betring!! Men hjertebank, nattsvette og litt anna småpjask er ikkje akkurat deilig det heller så då får eg berre velge av to onde :)
Snart lading for ei ny veke der eg, barna og dei firbeinte skal vere heime aleine...Tom skal ut å farte litt hit og dit med jobben.
På morrakvisten hadde Tim Are og "Sky" ei skikkelig kosemosestund...
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar