mandag 20. april 2015

Verdiar i livet

Ja, kva verdiar bør ein ha og kva skal ein leve etter!?... Eg tenkjer slik at vi har ei lita tilmålt tid her på denne jorda og eg ønska veffal å gjere det beste utav det og vil tru dei aller fleste er av same oppfatning.
Eg vil fylle livet med rikt innhald, gode stunder, fine opplevingar, latter og glede! Ja eg vil leve live og håpe å kunne ha mykje positiv energi for meg og ikkje minst for dei rundt meg...
Ein treng ikkje leve kvar dag som om den skulle vere den siste, men leve livet rikt og godt...

For min del trur eg at eg har funne mine verdiar i livet å leve etter for å få eit så rikt liv som mulig. Eg trur også det er veldig viktig å finne ut kva som er viktig for akkurat meg for å kunne leve eit så meingsfullt og godt liv som mulig, og ikkje minst kunne vere stolt av meg sjølv for det eg gjer. 
Det første eg gjer er veffal å stå for det eg gjer, alltid vere ærlig (jaja, ei kvit ei innimellom må ein kunne unne seg i spesielle høve) og så prøva eg så godt eg kan å ikkje bry meg om kva andre meine og trur om meg.
Ein overlege spurte meg etterkvart som han såg at smertene plaga meg - "korleis kan du sitte her å prate slik og vere så blid når du har så store smerter!?"

"Det har seg slik at eg har eit liv og i utgangspunktet to val her i dette livet:
Leve livet eller gi opp!!.. Eg har valgt å leve livet mitt så lenge eg har det." Dette er kanskje noko som eg så gjerne vil at fleire skal innsjå slik at dei kan ta vare på livet her og no.
Det er ikkje alltid like lett, og som eg sa til mannen min for nokre veke sida..."eg klare meg med "innstillinga" mi no, men det kan kome ein dag for meg også sjølv kor lite eg vil det!". Eg håpa og ønska at den dagen aldri kjem, men om så skulle skje håpa eg at eg har motivatora rundt meg som hjelpe meg opp igjen. Det er jo litt av det livet handla om at vi skal vere der for kvarandre...og eg vil vere der for familien min og mine nære og kjære, og er der nokon andre som eg kan hjelpe skal eg prøve det også.
Det å ta vare på kvarandre i dagens samfunn er kanskje ikkje så utbredt lenger, men kva er vi utan dei rundt oss!?

Vi er heldig som er født og bur i Norge...eg tenke rundt om og ser det som skjer i Middelhavet, og andre stader med krig og elendighet. Det er berre så ufattelig at mennesker skal ha det så vondt rundt om, og då tenke ein ekstra på kor godt ein har det, men kvifor skal vi då ikkje vere god mot kvarandre!!?.........................
Det er nok eit ubesvart spørsmål, men eg er redd all ufin oppførsel handla om misunnelse av ein slags grunn. Det eg har følelsen av går igjen er at folk ikkje skal ha det bra, ja veffal så lenge dei som misunner det på eit vis ikkje har det så godt...

Å gå rundt med bøgd hovud for å gjere ting eg ikkje kan vere stolt av er veffal stikk motsatt av det eg ønska og er veffal ikkje eit alternativt. 
Eller kanskje er det slik at dei som går med nasen høgst i sky, og talar så vel om seg sjølv er akkurat slike som burde sjå kva dei gjer gale, men så klare dei rett og slett ikkje sjå galskapen som er rundt dei??...
...ja, det er sikkert at eg undrast innimellom kva slags verdiar nokre folk kan leve etter!?.. 
Hadde eg hatt så store problem å slite med sjølv så ville eg veffal gjort mitt ytterste for å ikkje påføre andre litt av mi liding...men kanskje er folk berre så syklig sjølvopptatte og narsesistiske at dei ikkje klare anna, ikkje klare å sjå det gode med livet og tenker at når eg ikkje har det heilt bra skal veffal ikkje andre ha det betre!!...
Eg kunne likt å sjå at det fins ein slags kur for slike som ikkje klare og ha evne til å sjå det gode i folk og med livet generelt. Om eg skulle levd i ei boble der eg utgir meg som ein person, og leve for å gjere livet surt for andre då hadde nok ikkje det vore mykje til liv tenke eg. Syns så synn i folk så slite slik på den måten at kunna eg sagt tryll tryll så skulla eg gjort det ;) 

Eg kjenne det at har dei rundt meg det bra, ja så har eg det mykje betre sjølv kor låke eg er.
Det er jaggu godt å kunne få ut litt tankar som kvernar i hovudet...I mange stunde tenker eg det er veldig godt med bloggen slik at "galskapen" kjem ut ;)  
Ønska alle ein fantastisk dag ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...