fredag 17. mars 2017

Talent * Talang * Talent

...å slik går no dagane, det eine talentet etter det andre - ja å alle vil sjølvsagt leve av det!
Å her gjeng eg å sulla å leita eg leita først etter kva talent eg har, og etterkvart gjenstår det å sjå om det er noko å leve av.
Men ikkje treng eg å bli større enn eg er, tenke eg no har kome dit at eg er stor nok og gjer ikkje det slag om eg blir litt mindre for å vere akkurat passe.
Dagane går heldigvis og mykje i det same. Eg kjem meg opp og bruka litt tid på å få sveiva maskineriet i gang, passelig oppegåande før barna går ut døra,  lufting av firbeinte nåkken ganga gjennom dagen og elles småsyssel akkurat passelig til ein skral skrott...Men eit tilbakevendande spørsmål må bli kva er det eg kan som kan vere eit talent???
Kan det vere å gå tur? Nææææææ...det er det mange som gjer, men eit lite talent for å sjå smertefri og tilnærma normal kviskra i bakhovudet.
Kan det å nyte naturen og hundane vere eit talent??...Nope aaaaaalt for enkelt!!
Har eg eit indre talent som klovn og fjasekjerring som gjer dei næraste flau sjølv om her ikkje er andre rundt??...Eg trur det må vere det næraste eg kjem - men det vil sjølvsagt aldri "kome ut" ;) Om eg skriv normalgalskap som eg ofte har gjort så vil det nå heilt nye høgde :))))

Eg er jo ein som går med mange draumar - så eg kan fortsatt drøyme om at eit talent snart vil vise seg...

Tek litt til meg det svigermor sa her ein dag med eit stort smil i heile ansiktet "Anja du passa som hundeoppdretter!!" ❤️ Åsså beundra ho Saga som gjor seg så søt som mulig medan eg prata til ho...
Nei det eg veffal konkludera med er at eg har eit visst talent for å plukke møkk!!!...innimellom litt vanskelig om morgonen då kroppen ikkje er heilt bøyeleg, men innimellom kan de beskue ei kjerring med x-antal firbeinte rundt seg og stort sett svarte posa i høgre hand...

Jaja vi alle kan ikkje vere like talentfulle...korleis eg ein gang klarte å sei "eg er ikkje spesielt god i nåkke, berre litt god i alt!" - ja det undra eg fortsatt på...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...