lørdag 23. desember 2017

Ord for natta

Når du døyr kven vil sakne deg, når du døyr kva vil du sakne, når du døyr har du levd det livet du ville!?...Veit ikkje akkurat om det var slik han Ivar Morten Nordmark sa det i kyrkja i går, men han var inne på det eg er så opptatt av - at kvar ein av oss må leve det livet vi har NO for det er skjørt og vi veit ikkje kva tida vil bringe for det einaste vi veit er at vi leve her og no...då er det berre opp til oss sjølve å gjere det beste ut av det ❤️
Siste del av O helga natt...

Som tradisjon tek eg alltid med meg mi kjære mamma og kjæraste Aud på Julenattinè med Scala Brio. I år hadde dei med seg tenor Bror Magnus Tødenes og Askjell Molvær på orgel og piano. Ord for natta var det Ivar Morten Nordmark som stod for, dirigent som alltid Gro Dalen.
Konserten i går begynte med gåsehud og tåre i det koret avslutta på perfekt vis "deilig er jorden" - ja sjølv om ho ikkje er så deilig så er det godt å kunne tenke det for ei lita stund...Som alltid er det vakker musikk når Scala Brio invitera til Julenattinè med nåkken faste gode sanga og i tillegg nokre nye for året.
 Den som venta på noko godt, venta ikkje forgjeves...


 Ivar Morten Nordmark med ord for natta...
 Til slutt utdeling av årets "blomster" som er Scala Brio sitt kurs...Før aller siste sangen.
Alle går heim til tonane frå "Nå tennes tusen julelys"... 

Han Nordmark sa så mykje rett og litt av det eg kanskje ofte har prøvd å formidle, ja eg formidla ofte det eg føle med bilde på instagram etc. men eit par ganga har eg tatt meg sjølv i å tenke "leve eg etter det eg sei no?" Det er ofte slik at ein kan sei noko og praktisere heilt eller delvis anleis...å ja det er ikkje alltid eg gjer det, men kanskje eg har eit ønske eller ein draum om å ein gang gjere det. 
Ho han refererte til ville sagt til fleire at ho var glad i dei og at ho elska dei...eg har kanskje nokre eg skulle sagt akkurat det til, men det viktigste er at dei du har nær og virkelig sette pris på veit akkurat det. 
Eg legge ikkje skjul på at det har til tide vore ekstra tøffe tide og då ser ein også kven dei spesielle personane er ❤ Det er kanskje ikkje så mange, men til gjengjeld er dei steike go 
I år igjen vise det seg at hundefamilien er stor, god og raus...Vi har nok vore veldig heldig då vi har fått oss ein stor "famile" rundt om over alt gjennom våre flotte valpekjøpera som gjennom året har gitt meg bilde, blomster, sjokolade, vin og sikkert mykje meir, men best av alt besøk her heime og på sjukehus, koselige meldingar og ikkje minst gode klemma. 

Nordmark sa han har levd over eit halvt liv med store krav som han til tide har satt seg sjølv...Det var noko som gjekk opp for meg for eit par år sidan er at eg har levd livet mitt for andre og ikkje for meg sjølv, ja eg stelte med "alt" rundt meg, men kanskje ikkje meg sjølv. Eg har prøvd å endre på dette, men det tek tid å skulle endre så mykje av seg sjølv. Ja ting tek tid, men med tida håpa eg for min del at eg har fått snudd og gått i den retninga eg sjølv vil...
Eg trur at det kjem alle rundt meg til gode om eg leve og tek hensyn til meg sjølv oppi alt som skjer. Eg har satt av tid kun til meg sjølv, litt rart kanskje å ville slite seg maks ut i gjørma og nesten gå glip av ein konsert, men for meg handla det om styrke - "vi" treng styrke slik at vi kan takle det livet byr på og ved neste fall så er eg sterk nok til å kunne klare det.  

Vi leve no og kvart minutt som går kjem ikkje tilbake, og derfor har eg sagt at eg vil ikkje sove vekk livet - eg vil ikkje legge meg meir enn høgst nødvendig, og når eg søv vil eg gjerne ha gode drauma som eg kan starte ein ny dag med. 
Eg sei alltid til barna mine før dei legge seg "sov godt og drøym søtt" og det leve eg veffal etter...Så skal eg gjere enda meir av det eg har gjort den siste tida - eg skal prøve å leve litt meir slik eg ønska å fortsette å gjere det og ikkje korleis andre vil eg skal leve. 

Eg hadde lunsj her ilag med ei god venninne ein dag - og ho har sagt kvart år sidan 2011 ho begynte eit par år før, men la meir trykk på det frå då at Anja neste år det blir eit betre år for deg!! Å eg har nok starta eit nytt år med store forventningar til eit nytt år og håpa at ein del ting snur. I år la eg ut privat for kun mine næraste vener at eg er realist og trur ikkje 2018 blir så mykje betre enn dei siste åra så eg tek ein dag om gangen...Det beste i livet er gratis så det sleppe nokon å kjøpe meg. 
Men, positiv er eg likevel for no er eg snart klar for å eventuelt bygge opp 2018 istadenfor å bygge det ned... 

Veit ikkje om du har vore innom å lest innlegget mitt med diverse av "skrivebilda"" mine frå Instagram, men dei kan du sjå her... 
Syns det var litt spesielt å hamne bak denne bilen!...Når eg er så opptatt av akkurat det, så er det rart at av alle bilane her i landet kjem denne foran augene mine...

Du leve no og lev det på din måte 
Leve du det livet du har muligheit til å leve!?...
Klem -Anja-



Sorry det her vart så mykje meir enn eg tenkte...skulle berre vere eit par ord til Instagrambilda også tok "skrivekløa" meg. Det vise sikkert at eg ikkje har satt av nok tid til meg sjølv for å få gjort dei "små" tinga eg drive med...Men, det skal eg igjen bli litt flinkare til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...