onsdag 14. februar 2018

Ta vare på fjordane - Saman er vi sterkare!!

Vi har ein fjord, ein natur og ein klode!! Det er vår plikt som menneske å ta vare på den på aller beste måte for oss sjølve og dei som kjem etter oss. 



Vi bevega oss i feil retning og sende ut så feil signal - ein dag er vi ein miljønasjon og i det neste skal vi ta eit felles rasseringsprosjekt!!
Storfjorden er ein lang og vaker fjord med fleire flotte sidefjordar og er vel ein av landets mest besøkte fjordar, ja du har vel høyrd om denne perla på Sunnmøre!?. 
Ikkje minst har vi "verdast vakraste fjord" Hjørundfjorden som ein sidefjord, som ligg med opninga ikkje langt frå den planlagte utsleppsstaden om det så blir Kvasnes eller Sunde. Avfallet blir mulig sugd inn i fjorden og vil langsamt drepe livet der...først vil vi mulig miste denne spektakulære og magiske fjorden før vi vil sjå at Storfjorden sakte men sikkert svekkast...Er det verkeleg dette vi vil!?
Eg kjenne veffal at eg skrike innvendig, hjarte får eit ekstra trykk og det kalde gyfset trenge gjennom heile kroppen!!...

Eg har no laga ei Facebookgruppe slik at vi alle kan stå saman mot den galskapen som er i ferd med å ramme oss som bur her på Indre Sula, men ikkje minst kva overgrep våre "folkevalde" vil begå ovanfor naturen vår.
Eg laga ei lukka gruppe slik at alle kan delta i diskusjonen og føle at terskelen til å delta blir mindre når ein veit kven som ser kva som blir "sagt". Eg håpa alle som er interessert i vår vakre natur og friluftsliv vil vere med å engasjere seg eller støtte oss litt.
Eg vil invitere medlemmar og det håpa eg også DU vil gjere, så legg deg sjølv til og prøv å engasjere deg. Litt usikker på korleis dei eg invitera blir lagt til, håpa at de må godkjenne slik at de ikkje blir lagt til mot di vilje!! Om du har blitt det så er det fult mulig å forlate gruppa...men husk at saman står vi sterkare!!


Dette framtidige anlegget vil sjølvsagt også få store konsekvensar for oss som bur i området, men vi kan eventuelt flytte på oss eller lære oss å leve med det, men kva val har naturen vår!?

Eg håpe at vi alle kan stå saman i denne saka!!...Vi kan alle hjelpe og trykke på for at vi skal få eit betre alternativ for naturen, fjorden og ein stad det ikkje berøre folk på ein slik måte.
Vår tid i denne saka er no så ver så snill la oss stå saman!! Vi er alle forskjellig, nokre er kanskje ikkje så veldig glade i kvarandre, men dette er ei sak som burde røre og engasjere oss alle...Så la oss legge all splid til side på denne Valentine dagen og vise vår kjærleik til naturen og fjorden vår



Ja, eg er i over gjennomsnittet engasjert i denne saka, men om eg skal verte sett på som ho derre lokale skrulla som elska fjorden så er det heilt innafor!!...Den rolla kan eg heilt greit både ta og bekle ;)

Tusen takk for at de tok deg tid å lese og ha ein dritfin dag!!
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...