tirsdag 3. april 2018

Han må berre bli...

Bobby 7 veker og 2 år...
...Eg la ut eit innlegg om å sette Bobbyèn min ut på for, og mange har spurt korleis det har gått med den avgjerda. Men, eg må berre innrømme at tanken på det vart for tøft.
Eg er så heldig at eg har hundevenner og forvertar som har sagt dei kan hjelpe med avlastning når det blir nødvendig så då håpa eg at ting skal gå greit.
Utrulig godt å ha folk rundt seg som vil låne ein hund eller kanskje to. 
Bobby på utstilling 2 1/2 år gammal....
 Dette er bildet av den dagen då han kom springande mot meg i det eg synge "bobby McGee" og dermed berre vart det slik at han skulle vere igjen med meg som min Bobby...
Herligste Bobbyen på Leirvågfjellet mars 2018 - 3 år og 3 mnd...

Det er fleire som har spurt og eg har sagt at det er berre å sei frå om de får lyst å låne ein hund på tur, ein dag eller lengre...
Så om ikkje noko heilt spesielt skulle skje så blir alle mine kjære firbeinte til vanleg her heime og på utlån innimellom når folk ønska det ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk, for ei super kurshelg!!

Takk, tusen takk til dåkke alle for ei super kurshelg!! 🤩  Eg har kost meg meg huset fult i flotte «hundefolk» og ikkje minst fått lov å se...