søndag 27. januar 2019

Det er lov å la seg friste...

...å det er liksom ikkje så vanskeleg når vi no har gått her ilag med 8 herlige skatta i bikka 8 veker. Det er akkurat passeleg til å falle for ein ny for kvar veke å kva er vel mest fornuftig då!?
Jo, vi deleige ein hannhund for her skal jo ikkje vere hannhundar i hus då eg bere lika dei så godt og vil ta litt ekstra del i ein. 

Så hadde vi jo ei sjarmerande svart lita jente som vi ikkje har klart å gi slipp på så då måtte det berre bli "Karma"...
Her e flokkens to nye medlemma...Skal og må ta nye bilder snart!

I dag reiste ein valp til mot Trøndelag å det er trist og godt på same tid.
Det har den siste tida vore så mange fine folk innom oss. Eg er berre så utrulig takknemlig for alle dåkke som har ønske om å kjøpe valp frå oss no, tidligare og dei som alt har begynt å vise interesse for komande kull!!

Så har vi igjen ein sjarmør som fleire har falt for og spesielt Katja skulle vel sett at han fortsatte å bu her i huset. Den raude som er akkurat passe "på", bære så stolt og er veldig kosete.
Den er ledig for den rette heimen å sjølvsagt fint om det er nokon som vil bruke han til jakt/spor og kanskje springe nåkken venstresvingar.
Kvasneset`s Quick Dreamer er etter ein fin heim kvar han kan få utfolde seg... 


Å skulle nokon vere interessert i ein sjarmerande, oppfinnsom, kosete hund med mykje sjarm så har vi fortsatt "Bobby" i hus som gjerne skulle nytt livet på landet på ein gard...? Eg har hatt problem med å gi slipp på han, men eg må berre prøve...
Når eg no fann fram lenken så er det akkurat i dag eit år sidan eg la han ut første gangen...Så trakk eg meg, men la han ut igjen på sommaren.
Det er jaggu nåkken unde ein må gå når ein er så urulig glad i ein hund...For ein hund er ikkje berre ein hund!!

No er vi igjen ved enden av ei veke og vi ønska ei ny innhaldsik veke varmt eller litt kaldt velkomen...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...