torsdag 21. februar 2019

Det slippe liksom ikkje heilt...

Når dagen er lang er det godt å kunne kjøpt seg noko godt sånn som ein "dirty chai" og scones på Espresso House...Espresso House har eg "uheldigvis" blitt godt kjend med i løpet av dei siste åra, men det er eit positivt og godt innslag akkurat der...
Når det blir litt venting mellom postane så må det bli ei runde til...Vel å merke var det siste bildet først, men det spilla mindre rolle for må ein ha mat og drikke så må ein ha mat og drikke...
Ingen superhelta leve over på luft og kjærleik om du trudde det ;) 

...den irritasjonen frå tirsdag...!
Irritert er eg ikkje no, men det var berre ei lita hake no i dag tidleg.
Når ei med mine komplikasjonar som faktisk kan få legane til slutt til å le skal ut på ein tur med 06.55 flyet så sei det seg sjølv at det blir ein lang dag. Opp kl. 04.30 - jada opp då, men kor mange ganga har eg liksom prøvd å snu på meg i senga det å snu på seg er ikkje så enkelt som du kanskje trur sett på klokka å tenkt huff er den ikkje meir eller burde kanskje tenkt er den så mykje då MÅ eg sove litt. 

Det gjekk fort utover mot Vigra og kun 1 minutt venting for å kjøre gjennom tunnelen som opna for fri ferdsel kl. 06.00 legg merke til akkurat det! for då eg kom ut til Vigra parkerte eg å tok meg god tid då eg hadde akkurat god tid. Tok si tid å få skrivd ut boarding passet då eg ikkje fann igjen bestillingsreferansen, og køa berre vaks og vaks i sikkerhetssjekken så lucky me at eg hadde fast track på billetten min!! :)
Det var ikkje mange foran med i køa då crewet til SAS kjem å må få gå gjennom å dei sei sjølvsagt at dei skal vere rask for dei kom ikkje gjennom tunnelen før!! Hallo?? Joda eg smilte å det spilla ingen rolle for tid hadde eg, men å skylde på stengd tunnel for at dei kanskje ville sove 30 minutt lengre blir litt for dumt ;) Men du og du kor mange dei var for det tok liksom aldri slutt for det var sjølvsagt to SAS fly, men når 10-12 personar med sitt stæsj var ferdig begynte køa å flytte på seg igjen.Men, i det sekundet det kun var meg og ei foran meg igjen kjem sjølvsagt crewet til Norwegian...men heldigvis inga unnskyldning ang tunnel der, men dei kunne sagt sagt beklager vi må gjennom her men neida ikkje eit smil ein gang...skjerpings!!
Endelig kom eg meg gjennom med konklusjon om at eg kunne nok berre stått i den vanlege køa denne dagen, men irritert vart eg ikkje for eg fikk berre utfordra tålmodigheita mi.

Så kjem eg liksom til det som gjorde meg ein tanke irritert.

Dagen vart fole lang med nokre koppa kaffi og litt mat...
Fikk ein telefon då eg gjekk ut frå sjukehuset så då var det lettare å gå frå Ullevål å ned til Oslo S for å prate ferdig. Så godt å få bevegd seg etter ein dag med mykje ro, innom eit par butikkar på vegen berre for å ha gjort det ;)

Tidlig ute for flyet heim å då var det tid til å ta ein kopp kaffi og skulle då ønskt eg ikkje hadde bilen på Vigra slik at det kunne byttast ut med eit glas vin...
Ja, bilen på Vigra!! Eg kjøre mot utkjøringa å der var ikkje sånn automatisk stasjon for bruk av kortet som eg trudde det var. Parkerte bilen igjen for å gå inn, trøsta med meg at eg fikk meg ein ekstra oppkvikkar før heimturen. Men, når betalingsautomatane ikkje klarte å finne bilnummeret mitt uansett kor mange ganga eg slo det inn på begge automatane då kjente eg pulsen stige...ja, den steig men i fare for å bli frakta inn på Åse så haldt eg klokeleg kjeft å samtidig samla meg sopass at eg ikkje dytta til automatane. Prøvde også å gå til den nettsida som stod der, men ikkje f... om det funka for den var visst ikkje sikker nok!!
Dei fleste rundt meg irritera seg over at eg tek for mykje bilde og seinere videoar, men så får det vere noko dei må jobbe med ;)

Ut igjen i bilen, på med musikk, ein slurk vatn å klar for å kjøre avbalansert heilt heim. 
Eg prøvde å gå på nettet heime utan hell...
Gårsdagen var full med diverse å eg hadde ikkje meir energi enn å berre halde meg nogen lunde oppegåande, så prøvde eg meg igjen i dag tidlig - OMG!! sei eg berre, men mitt blonde hovud klarte ikkje ein gang å manøvrere meg fram til der eg kan sende firmaet eit spørsmål om betaling. På mobilen kjem det opp forskjellege lenke om firmaet når eg vil kontakte dei. Heldigvis kunne eg finne rette plassen trur eg!(?) då eg gjekk inn frå ei datamaskin. Så får vi sjå kva dei sei...betale skal eg sjølvsagt, men eit fakturagebyr på kr. 49,- gjer eg faktisk ikkje :))
Veit ikkje om eg har sagt det før, men eg berre HATA nettside der ein må leite i minimum 50 minutt før ein kan finne lenka til der ein kan få ei viss kontakt med dei som er "til stades" i firmaet...

Trur faktisk det meste som kan irritere samla seg opp på ein dag, eller det er berre tull for irritasjonar er der bak kvart eit hjørne, men ein må berre jobbe med tålmodigheita som ikkje alltid er til stades...

Eg skulle heller jobba litt meir med tålmodigheita mi enn å gått til tannlegen i dag, men det er også ting som må gjerast. Samtidig kan vi alle tenke at det alltid fins verre ting enn det du "slite med" akkurat no... ;) 
Sjå lyst på dagen å måtte den få godt innhald 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...