fredag 15. mars 2019

BlåFredag...

...Det kan sikkert kallast så mangt, men det var det første, beste og mest dekkande ordet for her kan ein pakke inn ein heil del. Ja som blå himmel, nyansar av blåe fjell og blå fjord...sikkert mykje meir å ta med, men det var akkurat det som gjorde ramma rundt formiddagen.
Blått med sjølvsagt eit innslag av rosa...
Når eg begynte å pakke ut alt eg hadde tatt med så fikk dei litt meir forståelse for kvifor min sekk var så stor og full :)
Når eg og to gode venninner med ein del av den firbeinte gjengen går på tur så er det stort sett alltid koselig. Men, det er ikkje så ofte vi kjem på å kunne gå ein liten tur å bruke så lang tid! Vi hadde pakka med oss frukosten eg skjønte ikkje korleis dei kunne gå med ein liten sekk og ei rumpetaske, samtidig skjønte sikkert ikkje dei at eg hadde så peise full sekk. å gjekk bortover i Solavågen, ned til Kviteberga å der vart vi verande ganske så lenge. 
Sjølv om eg er vand med å sitte ved kjøkkenvindauget å sjå ut på disse fjella og fjorden så blir eg aldri mett av akkurat det...! 

Dette her er intet mindre en "frukost med utsikt i det fri"...
Jaggu har ho mykje rart dinna mora di Ipa...men lykte og dukar har ho vanlegvis ikkje på gulvet eller bakken..!
Gjengen var samla kun på eit bilde i dag!!
På bilde til vendtre frå venstre ser de Lille, Troja, Ipa, Embla, Berta og Joey...
Ipa smiska seg inn med Cecilie...jaggu er ikkje denne sjokoladen steike gode...
Gutta krutt vegra bilde i dag...eller kanskje kjerringa bak telefonen ;)
Men her er veffal dagens firbeinte jenter..!
 
Kvikk Lunsj var akkurat på sin plass i dag...den ilag med ein miks av kaffi og kakao i koppen var inner tiar, det er jo freddan i tillegg så litt må ein kunne unne seg;)
Nesten det beste med slike turar er at ein har muligheit til å legge seg litt nedpå å samle all energien i naturen...fantastisk herlig!!
Ipa asså - ho er berre heilt herlig!!...Men, som den einaste brune å når ho er brun frå før kan ho sjølvsagt gå i alle gjørme for det synes liksom ikkje heilt på ho, men tru meg eg både såg, kjente og lukta det...

Cecilie dele clementinen sin med Joey og Berta...Å når Berta har fått ein båt har ho den forsiktig i munnen før ho går vekk for å nyte denne lille båten...
Janita og Embla avslappande og nyte naturen...
 
Dei galne har det godt...å med oss får det tre kvinnfolk fylt med variert galskap...å saman kan det eksplodere så vi må sile det ut med omhu... 
Hundane fikk søke og springe fritt medan vi koste oss med mat, latter og fjasing...Joda vi har alle blitt litt eldre, men vi har ikkje tenkt å bli skikkelig vaksen enda ;)
Då vi skulle gå viste det seg at Janita hadde med lukt som kunne hjelpe oss å halde dritlukta etter hundane på avstand :))

Utrulig flott dag og forfriskande dag der vi samla meir energi, minnebanken påfylt, latteren kjem ut og livet er faktisk ganske så herlig...!
Ha ein energi givande kveld 
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Pene damer. Måtte skrive det først. Men pene hunder og. Jeg kan se dere hadde det fint.

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...