lørdag 13. april 2019

Sextur...

Ja, kva anna kan eg liksom kalle det når tre jenter sette nasen mot grannlandet med eit formål i hovudet!(?)...Henta Sky etter vi kom heim frå Bergen søndag kveld å der fikk ho "lykke til på sextur" frå mor å Sky hoppa lykkeleg uvitande inn i bilen vår. 

Tre jenter ved Stömsholms slott i Sverige...
Eg har fått spørsmål om eg var hallik eller dreiv hor på turen, men kom til at det ikkje kunne vere nokon av delane fordi eg må faktisk betale for dette..!! :))
Men, eg kan konkludere med at vi var nøgd med turen etter at to av tre fikk skikkeleg valuta for turen ;)

Sky begynte å løpe lenge før tida å det var nok pga at ho var her på besøk då Abi løpte...men, løpetid får vi ikkje gjort så mykje med så dagen før fikk eg melding frå Barbro om at Mini endelig løpte så då kunne vi planlegge tur ilag. Å det hadde nok heilt sikkert blitt ein festelig tur, men Barbro fikk ikkje tid til å reise så då sa eg berre at eg tek med meg Mini.
Barbro kom hit med Mini mandag så tiiiideleg tirsdag var eg og to firbeinte på veg i retning Sverige. 
Mykje kan nok seiast frå den turen som vanleg, men noko er berre å halde tilbake då det mest høyre til ein sein kveld med litt alkohol så kan folk velge å tru på det eller tenke at eg er litt for påseila ;) 
 Frukoststopp på Dovrefjell passa godt når det var ei sinke foran oss...
 Litt possering måtte til...Å bilen, den kjære bilen er med på mang ein spesiell tur!! Eg håpe den leve leeeenge enda..!
Her trur eg Sky sladra til Mini om kva slags tur vi er på...!!
I det vi kom inn mot Tynset stod der eit skilt om verdas største spark - å den tenkte eg jentene hadde lyst å sjå så då kjørte vi innom å lufta oss litt der ;)
I fantastisk ver fortsatte vi mot Sverige...å om eg ikkje tek heilt feil er bildet til vestre i Drevsjø og det andre sei seg sjølv...

Ut på dagen fikk eg ein hyggeleg telefon frå nokon som ønska valp i det eg kjørte inn i Sverige...ei lita stund etter ringe det ein forvert å eg klare ikkje anna enn å flire :)) Kvar er du no? I Sverige........å eg innrømte at eg ikkje skulle ringe han før eg kom heim fordi eg skulle inn til han i løpet av veka avtalte vi då eg kjørte til Bergen - men, då hadde eg ei lita stund glømt at eg måtte på ein liten kjøretur til.
Vi kjenne heldigvis kvarandre godt å han rista nok på hovudet av galskapen...men, han måtte spørre kor mange bokstava som er framføre namnet mitt, ADHD har 4 men du må ha nokon til!!
Hahahahaha...eg har vel sagt at mamma og pappa missa veffal ei diagnose på vegen på meg - mulig det var då eg datt ut av bilen som lita å låg igjen i vegbana å mamma såg bak i speilet der kom ein bil kjørande mot meg!!?...

Uansett er eg fyld med normal galskap så til slutt krydra med litt hundegalskap så då har du meg!! :)

På ein slik tur er det så mykje eg skulle ønskt eg stoppa å tok bilde av, men om eg skulle gjort det er eg redd eg ikkje kom fram før ståperioda var over...

Første parring vart vellykka å eg kunne senke skuldrane og ikkje minst telle meg ni veker fram å no berre krysse fingrane for at det kjem valpa rund 11. juni etter Bolt og Sky!!...
Ønska du å høyre meir om kombinasjonen eller sette deg på liste for ein valp så ta kontakt med meg...
Bolt falt eg for då eg var å laga Keesha og Bobby for 4 1/2 år sidan å har ville brukt han sidan då å no passa det seg slik...
Rotherfield Reason Ro Rave x Lavender Sky Black Brianta...
Under vise stamtavla til kullet vi forhåpentlegvis venta i juni 






Rotherfield Reason Ro Rave





Rotherfield Call Me Sir
GB SHCH Vbos The Kentuckian
Rotherfield Call Me Madam



Rotherfield Another Madam
 
Steelriver Tradewinds
 Leskaris Arden
 





Lavender Sky Black Brianta 



N UCH N VCH 
Kvasneset's Braveheart

Fonkebakken's Damian Siko
Coneken`s Glenmorangie Port Wood




CIB CR PL CH 
Carnival Night Black Brianta

Moonstruck Rumble Fish
 PL CH Arctic Avalanche Black Brianta

Så var det berre for meg å sette kursen mot Eskilstuna og neste date...
Då eg satt meg i bilen i Borlänge så snødde det, men -3 grader i lufta og våt vegbane så var det ikkje beste kjøreforhalda - å bilen den var dekt av is i det eg stoppa for å fylle meir drivstoff...

På grunn av stengt veg etter ei ulykke gjekk tida fort så det var seint før vi var framme. Men, heldigvis var hannhunden klar å vi kunne få utført det vi kom for.
Då eg sendte ein slik snapp til gubben kom det tilbake "Du er såååå crazy!!" - Kan liksom ikkje skjønne det...

Kombinasjon to er det Barbro Valde Lystad og Kennel Brynje som står for etter Diamante Blu Negramaro "Mario" og Brynje Donna Elvira "Mini"!!
M & M - "Mario" til venstre og "Mini" til høgre...

Etter andre parringa slappe eg av å kjørte roleg på grusvegen, heldigvis!! For, skvatt gjorde eg i det det plutselig stor tre digre villsvin i vegen. EG vart så forfjamsa at eg glømte å ta bilde, men gjorde det då dei sprang avgårde...
 Vel frame på hotellet så var det heilt greit å få augene i kryss med ei miniflaske vin...
Koselig hotell med god frukost, ei nostalgisk og sjarmerande heis var der også...
 
Her er to bilde av "Mini"...
Her er det "sky" som posera aleine...
 Etter parring, sett hunda, vore turistar og kjørt litt bil var det heilt greit å besøke Kupolen i Borlänge for litt Thaimat...
 Nydelig himmel i det vi setter kursen mot Norge igjen...
Godt å kunne sjå noko vakkert når nervesmertene i foten haldt på å drive meg til vannvidd!! Skona for og sokkane, men å hive buksa prøvde eg å la vere for kva skulle eg sagt om eg vart stoppa undervegs!! Så derfor måtte eg berre klare å kjøre heimover. 
 Det bildet trengs ikkje forklaring...Det er ganske så grisegrent mellom Nora og Dombås så på nattestid er der ikkje verken muligheit for å få seg ein matbit eller finne eit toalett utan å banke på eit hus. Ja må ein så må ein...!!
 Påfylling av drivstoff i Tolga - så alltyid like vakre Trollveggen.
Vi slappa av på verandaen etter vi kom heim, men måtte ut å strekke på beina å prøve å hente oss litt inn igjen, ja for vi alle treng litt energipåfylling etter ein slik tur...


Bilde av Bolt og Sky...
Rotherfield Reason to Rave - "Bolt"...
Lavender Sky Black Brianta - "Sky"...

No kryssa eg berre alot for at vi skal få eit fint kull i juni etter dei to litt eldre hundane ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...