onsdag 11. februar 2026

Utstilling - ønskjer du å lære meir

Utstilling - å få fram det beste i hunden, handla mykje om samspel mellom hund og handler...


Har du lyst til å stille hund på utstilling – eller gjer du det allereie?


Ønskjer du å få fram det beste i hunden din, og utnytte dei små, verdifulle minutta de har saman i ringen?

Kanskje kan eit lite kurs vere akkurat det som skal til for å bli tryggare i ringen og for å lære korleis du best mogleg viser fram hunden din? 

Eg vil prøve å lære deg korleis de kan bli harmonisk og som ekvipasje kan få eit godt samspel...


Utstilling er eit viktig verktøy som gir oss kunnskap om rasen og avlsarbeidet vi driv med. 

Kvar står vi eigentleg i forhald til den rasestandarden som er satt frå rasen sitt heimland?

Her er ei glad og fornøgd oppdrettargruppe som akkurat har vunne 
"Best In Show" på NKK utstilling i Ålesund..!! 
Eit fint og godt minne å ha med seg i vidare arbeidet ♥


I tillegg er utstilling ein sosial og triveleg møtestad der vi treff likesinna og får eit innblikk i breidda av hundar innan rasen. Difor er det så viktig at fleire stiller – jo fleire individ vi får vist fram, desto betre grunnlag har vi for vidare avl og for å ta vare på den verdifulle genbasen i rasane våre.


Eg var på mi første utstilling i 1996, og stilte sjølv for første gong i 1997 – om eg hugsar rett.

Sidan den gong har det blitt mange utstillingar, både i inn- og utland. 

Eg har vist fram både eigne og andre sine hundar, av fleire rasar – og ikkje minst hundar frå eige oppdrett.


Med denne erfaringa håpar eg å kunne gi gode og konkrete tips til deg som ønskjer meir kunnskap, eller rett og slett vil ha hjelp til å vise fram hunden din på best mogleg måte.


Mi største erfaring ligg naturleg nok innan retrieverane – enkelt, funksjonelt og lite glamorøst.

På kurs hjå meg kan du forvente konstruktive tilbakemeldingar, servert med både varme og ein liten dose humor.


Det at hunden er tilgjengeleg og dommaren får gå over den på ein skikkeleg måte er utrulig viktig. Ikkje alle takla det like bra, men med litt trening går det som regel betre...

Her er Xo på utstilling NKK Sandefjord 2024! 



Eg held kurs måndag 30. mars 2026 - tidspunkt og stad kjem eg nærare tilbake til...


Varigheit vert om lag 3 timar, avhengig av påmelding. Vi vil ha felles trening, samt individuell rettleiing. Det er stor læring i å sjå kvarandre jobbe, og vi vil nytte tid på kvar ekvipasje.

Kurset vil passe for alle med retriever frå kvalp og opp til pensjonist. Det koster kr. 1.200,- pr ekvipasje. 



For meir informasjon og eventuelt påmelding, send E-post til anja@kvasneset.com eller melding på telefon til 900 18 619.



Til dei søm ønskjer vil eg sei - Velkomen til ein lærerik og triveleg dag 


Klem -Anja-

Xo blir "shina" i Hesperia-parken i Helsinki - kvelden før World Dog Show 2025...

Ikkje så vakkert bilde, men her vise det at "shining" dagen før funka og Xo her i Messukeskus - vinner ei stor åpen klasse tispe på WDS-Helsinki 2025...
Xo var ikkje lett denne dagen, men vi jobba på...
Ho var trøtt etter kjøring, utstilling, ferieveke i Helsinki etc. I ei så stor klasse på ei ei slik utstilling tek det litt tid i ringen og då var det godt å ha nokre ting å jobbe med...

Kullsøsken ♥ Bobby og Keesha...
Begge syntes det var stor stas å showe i ringen!
Linus i ringen i Fauske 2025...
Vi og hundane må takle alle årstider i ingen - det å jobbe med ein hund i skikkelig regnvêr er ikkje alltid like lett, men er hunden litt trent går det som regel bra...








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Utstilling - ønskjer du å lære meir

Utstilling - å få fram det beste i hunden, handla mykje om samspel mellom hund og handler... Har du lyst til å stille hund på utstilling – e...