torsdag 11. september 2014

Rett ved husveggen...

...er det ein liten oase med diverse krukker, ei fontene, ei gammel tønne, ei lykt, litt dill og ei gammel glasrute ;)
Det er lettstelt og ikkje minst herlig å tussle rundt krukkene å klippe avblomstra roser ♥ litt påfyll av jord og bark på toppen så har du stelt det området av hagen. Ja for det andre gror igjen...slik er det når ein må prioritere og då prioritera eg vekk det som eg ikkje ser til daglig, men eg må innrømme at eg skjems litt med korleis det ser ut frå vegen på nedsida. Men eg slit meg ikkje ut på det som eg ikkje ser, eg må prioritere som aldri før og då er valet lett :) Så får naboar og andre berre late igjen augene akkurat i skråninga vår...
Her er det hummer og kanari...har bytta om på sofagruppene våra, for den store med putene i fekk ikkje stå i fred for alle kattane i nabolaget ein ting at dei låg i dei, men når dei tissa på dei var det nok. Herlig plass ditte og i morra trur eg vi skal avslutte bursdagskvelden til min kjæære mann med eit betre og avslappande bad ♥
 Englefontene med lys, ekstra koselig på mørkere kvelda...
 Ei av våre vakre roser "Lavender dream"...den blomstra villig og har ei fantastik duft...
 Mi nye og einaste stammerose som står ved porten...
 Litt farger enda nesten midt i september...
Liker godt den lille uteplassen her heime også, men det er faktisk den som vi laga til sist...alt anna rundt her er det lenge sidan vi laga til, ein del blei øydelagt i orkan og har blitt ståande litt på "vent". Men, når Tom hovedsakelig han har klipt alle plenar så ser det heilt greit ut rundt om...Men, har eigentlig store plana spesielt på nedsida og ser det for meg, men det blei lagt på "vent" for eit par-tre år sidan...
 
Friskluftpustihagenklem...
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...