søndag 7. september 2014

Folksam tur...

...Jepp, massevis av folk på Sulafjellet i dag :)  Det var til topps med Sunnmørsposten på Vardane, og feiring av Vonhyttas 80 års dag og ditte trekke sjølvsagt folk til Sula!!...
Lyset i dag var "skiftande" og nesten for kvar gang eg snudde meg å tok eit nytt bilde var det ny farge på himmelen...

Barna hadde overnatta med tante og onkel så eg venta på dei her heime. Eg og barna, Ferdinand, Eirin, Adrian og Øyvind faren til Adrian og Eirin`s svigers for oppover...vi hadde ei uttulig koselig pause oppe på "kanten" ved hytta til Adrian`s tante og onkel. Her diska dei opp med kaffi, frukt, sjokolade og pølse.
Adrian, Ferdinand og Eirin på veg bort til hytta med fantastisk utsikt!!...
Tim Are og onkel Adrian orientera seg...
Vakker utsikt...her er det Langevåg og huset vårt er der nede ein plass ;)
Ferdinand lika seg på tur med "Mille"...
Skjønningen med Ålesund i bakgrunnen...
Tim Are er fotograf for han hadde så lyst å ta bilde av mamma, eg og Ferdinand ser på at "Sky" går på tur med "Mille"... :)
Tim Are med eit lite blinkskudd på dagens fjelltur av Ferdinand og onkel Adrian..
Tim Are testa musklane...
 
Etter ein fin rast og litt kos for vi vidare opp til Vonhytta og her var det massevis av folk. Vi stod der litt før nåkken ville ned igjen og eg ville vidare til Vardane og ned i Mauseidvågen...sikket litt smårart at eg går opp til Vardane for å få ein finare tur ned igjen eg berre grua med til vegen ned frå Von, for det gjer så vondt og det skjere gjennom skrotten og ja, det var mykje betre å gå opp og så ned i Mauseidvågen ;)¨
Der var unge, gamle, spreke, ja åsså ikkje fult så spreke, halte og glade...ja så var det meg, veit ikkje kva kategori eg går under, men tenke eg stilte godt i "krøplingklassa" :)
Massevis av folk på Vardane i dag...
 Tim Are ved hytta med varden i bakgrunnen...
Her venta vi litt på resten av gjengen...det var hytta vi besøkte skikkelig koselig og med fantastisk utsikt...
Folksamt ved Vonhytta...
Eg på veg oppover alle andre på veg nedover...passa meg veldig bra ;)


Vonhytta med Ålesund i bakgrunnen...
Ikkje mange igjen på toppen...traff mange på veg ned og dei fleste var nok på Langevåg sida, var ikkje så folksamt nedover...
Eg og "Sky" hadde ein fin tur nedover og måtte ta nåkken bilde på "gosida"...asså ikkje for å fornerme nåkken, men fjella her er no berre så fantastiske!! :) Ja, sjølv om dagens vêr ikkje viste dei frå si beste side...
Skjønneste "klinejenta"...no har fargane begynt å vise hausten og eg ønska den varmt velkommen :)
Herlig tur å kunne gå ei stund ilag med barna og dei andre, for så vere trygg for at barna har det bra ilag med dei andre, og gå vidare i eige tempo ilag med "klinejenta mi"...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...