søndag 14. september 2014

Det enkle er ofte det beste...

...og i dag viste det seg å vere ein tur på Lervågfjellet ♥ etter ein tur på Boligmessa i Ålesund der eg brukte for masse peng, men eit nødvendig onde meinte gubben, middag på verandaen til mamma og pappa i deilig solskin og den aller beste utsikta, blei det ein tur på fjellet som så ofte før...
Tim Are lika godt når han kan låne kameraet å gå rundt og knipse...han jakta nye motiv heile tida!


Men, i dag hadde vi ekstra skogsglede der vi klatra, leita etter dyr og ting å ta bilde av - Tim Are som utforska naturen, ja så er han også litt av ein skodespelar der han leika at han dett utfor fjellet etc...
Som regel spring vi opp og nyte litt utsikta før vi skunda oss ned igjen...men, som oftast er det utan barn på kvelden eller i skuletida, så kjekt når dei små også er med og ikkje minst gleda han har ute i naturen. Når vi kjørte heim sa han at det var en veldig fin tur utanom då han datt...på veg ned datt han på dei store steinpartia og flaug framover der han var veldig flink å ta seg for så heldigvis ingen store skader.
 Tim Are fann ein sommerfugl litt utanfor råsa og då var det berre å ta ein liten avstikker...
 Han tek også ein del bilder av mamsen, men ho skulle berre vore like fotogen som han er ;)
 Viktig å ta bilde då han klatra opp sida og lente seg bakover...nesten som ein jr. boss ;)
 Tim Are gjekk framfor meg og skavtt til då denne lille frosken hoppa rundt beina hans...viktig å få tatt bilde av den også då han helde på med eit "skuleprosjekt"...hmmm trudde ikkje at dei var begynt med det allereie ;)
 Litt anna veg tl toppen då han skulle klatre litt ekstra...
Som de sikkert ser er han ikkje i sine vanlige turklede, men funka dette også då dei var laus og ledig. Eg tek ofte med meg eit skift i tilfelle tur og Timmen skulle vere på messa med Tom, men istaden blei han med meg  :)
 Tre goinga pappa, "Pekka" og mamma...
 Vakraste utsikta eg kan tenke meg...
 Så kan eg snu litt på meg og vips ser eg mot Langevåg til venstre og Ålesund midten mot høgre...
 Skatten min går rundt å leika "actionman"...
 "Pekka" og pappa på toppen ved flymerket...
 Tim Are sprang fram og tilbake for å "fange linsa"...
 Her laga han "russekort" der han haldt på å dette ned frå fjellet...meir som ein liten skodespelar han der asså ;)
 Her får Tim Are høyre om strengen som frakta torva ned frå fjellet i gamle dager. Interessa var stor og han lurte på kva meir besten kunne ha å fortelje...
 Det obligatoriske hoppe til papsen...han sei sjølv at den dagen han gløyme det, då er det tid for dei med kvite frakka ;)
 Så fann vi ei som også Tim Are kunne hoppe opp i :) Gleda var stor og det var DRITGØY ilag med besten!!
 Berre så herlig å avslutte ein fin tur nedover skogen her ♥ vakkert
Godt å kunne ha slike daga og tura, ja sjølv ein enkel og vanlig tur kan bli som eit lite eventyr, gode opplevingar og bilde til minnebanken
Tusen takk for atter en fin dag ♥ er veldig glad i dissa folka mine...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...