mandag 15. juni 2015

Berre eit menneske

...ein lege er også berre eit menneske!!
Eg las og såg intervjuet av overlege Stian Westad ang hans feilvurdering før ein fødsel...eg blir så rørt og det står så uendelig stor respekt av det han gjer!! Han går ut og sei at han har gjort feil, er open og ærleg med foreldra og med det får eit fint tillitsforhald der han tek imot deira neste barn. 

Det som gjer at eg blir så ufattelig glad over ei slik i utgangspunktet tragisk historie er at legen sei at han har gjort feil...
Her var det snakk om eit dødsfall som er ufattelig trist. Men, konsekvensane er også store for dei som blir ramma av "feil" og må slite med skadane kvar dag resten av liv, det kan eg skrive under på! Eg må innrømme at livet hadde vore enklare om legane kunne innrømt kva som har skjedd og ikkje minst gjere meir for å finne ut kva som har gått gale og også høyre på forskjellige teoriar.
 Her er resultatet etter to operasjonar. Protese og minste avstiving i operasjon ein, så dei store skruane og staga i operasjon nummer to...
Eg var ekstra spent før operasjon tre som blei gjort på Ullevål i februar...Skreiv då dette blogginnlegget deriblant med dette bildet over her...
 Slik ser ryggen ut innvendig no...
Eg håpa berre eg er svært "treg i oppfattinga" slik at eg om ikkje lenge kan kjenne betring ;) Berre trist at tilstanden er slik den er, men eg prøva gjer det beste utav det...

Eg sei ikkje at legar ikkje kan gjere feil, dei er trass alt berre eit menneske dei også...
Ufattelig respekt til dei som klare å innrømme sin(e) feil!...
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...