lørdag 20. juni 2015

Ein slik dag...

Ein slik dag er det godt å kome til Sunde for å finne roa på ein litt betre måte...Å når veret er slik blir det berre enda betre!!


...I går var ein slik dag eg heldigvis sjeldan har der eg ikkje ville vere oppe. Etter barna var komt på skule og eg heime igjen der eg måtte legge meg på soffan og hadde ikkje lyst opp igjen. Heldigvis kom ein slik dag der eg ikkje kunne ligge, for eg måtte på buitkken for å lage klart alt "brude tilbehøret"...

Men, ein må berre bite tenna saman og gjere det beste utav slike daga det at folk ser meg humpe rundt og innimellom får svikt i beina får så vere det er berre slik innimelom...
Kjekke folk innom butikken som trudde eg trengte å kome meg heim ;) ja skulla hatt meg ein tur ut å gå :))
 Ein ting er veffal sikkert, det er ikkje vondt å ha ein slik hage!!..
 Tim Are i godt humør og veldig glad i dei firbeinte..."kan du ikkje tale" Bobby!!? :) 

Herlige gutane våre ♥♥♥

Det blei ingen gåtur, men kos, russling og leik i hagen på Sunde!! Det å sjå på andre jobbe er eg ikkje så god på, men hadde med meg dei firbeinte slik at vi kunne spankulere rundt huset og ned på berga...
 Humla som aldri er i ro lenge nok til å kunne få tatt eit greit bilde av ;) Her sit ho på ein av rhododendronfavrittane "Blue Peter"...
 Eg går berre å venta på at "Sky" skal bli diger ;) 
 "Bobbyen" er stort sett berre ein herlig gut asså...

Er faktisk i "hagen" dette også :) Kom ned på berga og der gjekk det ein andefamilie akkurat ut i sjøen...

Kan ikkje sei anna enn at det blei ein fin dag trass mykje smerter...
Eg er og sei det igjen - eg er sååå taknemlig for at eg klarer å "fungere" sjølv om det til tider røyner på :)
Gleda meg til fin midtsommarfeiring med mine kjæraste i kveld!! 
Ha ein herlig dag og ta vare på dei rundt deg ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...