mandag 17. juli 2017

Kjerringtur med overnatting ♥

Etter oveskrifta trur de kanskje vi tok turen til Kjerringvatnet, men så feil kan det bli men vi gjekk forbi skiltinga veffal ;)  Å fortsatt lengre ut og til enden oppe på Sulafjellet nemlig Eltrane ♥
For eit par veke sidan var vi på Sulafjellet og då hadde vi eit ønske om overnatting...så vi har berre venta på godversmelding og muligheit til å gå.
Meeeeget oppgåande og nedlest starta vi turen frå Vasskummen og opp Breivegen. Jaja bratt og fint strake vegen opp så ei lita sjarmøretape mot Blåfjell. Ein liten pust i bakken akkurat tid til å ta seg ein slurk med vin valde vin framfor meir av den andre smertelindringa og eit par bilde. 
Så bratt, vått og kronglete oppover mot den flotte vidda........nedi der var ikkje utropet til Cecilie til å la passere i stillheit!: "Ååååå HERREGUD!!!" Eg stoppa brått opp og lure på kva det er... "Tenk at eg har ledd meg til ditte!!! Dritt asså..." ;) hahahaha...ja tenk å gle seg til eit slikt slit :))
Men då vi kom opp på "vidda" så var det meste glømt og vi berre sulla og kosa oss...etter 2,5 time var vi ute på Eltrane.
Først var vi tenkt å stoppe med vatnet der oppe, men då fekk vi ikkje god nok utsikt så vi måtte lengre ut.
Då vi kom ut begynte eg på "vindskjerminga" i form av strandtelt, og Cecilie fikk på stormkjøkkenet. Istaden for å spørre meg slik vi kunne slå saman to blonde hovud så benytta ho seg av muligheiten til å ringe ein venn ;)

Etterkvart var det kaffetid med noko attåt medan vi venta på middagen skulle godgjere seg og solnedgangen...
 Litt god drikke er slettes ikkje dumt på ein slik tur...
 Eg er igang med testing av liggeplass og Cecilie straks klar med sin sovepose...Så måtte vi sjølvsagt sitteteste den og ein aldri så liten sjølvfi...
 Bacalao til middag/kvelds var heilt innafor!...
Skikkelig bildespam kan vel ditte kallast!!...Beklageligvis ikkje så gode bilde då eg lot kameraet mitt vere igjen heime og mobilen spelte ikkje på lag denne gang.
 Mat og klede matcha heilt! ;) 
 Då var sola gådd heilt ned...

Cecilie ville i sympati for at eg hadde tynnere sovepose skulle ho ta av seg buksa...men, det skulle sjølvsagt eg også då i hadde på stillongs. Sjølv Cecilie var ein tanke bekymra for ho hadde tatt med stillongs med tissehol, men eg forsikra ho om at trengselen med ufine folk ikkje var der.


 Hundne såg også ut til å nyte turen...
 Litt anleis måte å sjå skipa på fjorden...full fest og masse liv var der også ;) 
 Cecilie og Joey...
Utrulig fint å sitte der å berre nyte utsikta, naturen og hundane ilag med ei god venninne, fin prat og innimellom litt musikk. Å når musikken kjem klare eg ikkje la vere å nynne med så eg sa eg skulle slutte å synge men fikk eit høfleg svar "neida ej lika å høre på ej"...hahaha ;) 
Etter eit par kaffi og bayleis og ikkje minst godt nedi viflaskene var vi begge samde i at vi spilte bra musikk og ikkje minst at Bjarne Brøndbo har ei sykt bra stemme!.

Vi låg å skravla og plutselig rulla Cecilie av matta si...kven kan ikkje anna enn le då halvparten av "luftgangane" var eksplodert eller veffal sigd lufta utav. Så då var det å berre å få inn litt luft igjen. 

Etterkvart var det på tide å ta natta og Cecilie spute om vi skulle lufte hundane ein siste ganga!? hahaha...
Nei det var det ikkje beho for men sa at eg pausa musikken og kunne synge bussanlull til ho? Til svar kom det gangske så fort "eeeelller ej berre kan ta på lydbboka mi!" :) Det vil sei ho hadde nok fått nok av synginga mi...



Sjølve nattimane treng eg ikkje utdjupe, men det er ikkje langt ifrå sanninga at kroppen min ikkje lenger er skapt for å ligge slik...Veit ikkje kor lenge eg låg samnhengande men 20 minutt var lenge nok. Ut å russla og peste som eit uver...
Når smertene blir store blir kvalmen verre...til slutt fann eg meg ein passande plass for å få lette på trykket...
Litt hjelp det, men eg berre gledde meg til klokka nærma seg seks slik eg kunne stå opp på skikkelig og pakke saman. Lite matlyst men fortsatt greit humør pakka vi saman for å tusle oss innover og ned til bilane. Trur vi bukte nesten tre tima på det sleipe underlaget nedover med eit lite stopp for ein smoothie og få av oss eit lag med klede...men det einaste vi skulle rekke var jakttrening og vi fekk berre prøve å kome oss heile ned.

 Tidlig morgon sitte og ligge eg berre å prøva å nyte det som er rundt oss...
 Vi låg nære kanten, men heldigvis ei lita hylle før det gjekk rett ned...Eit turistskip segla inn mot Ålesund...
 Frukosten etter halvannatime med gåing...
Herligst Keesha bar maten til seg og Berta... 
 På Blåfjell igjen og vi nærma oss slutten av turen.
Ser ikkje heilt ut til Eltrane men eit godt stykke...

Cecilie vil gjerne på tur igjen men då må vi ha ei turisthytte eller plass der vi kan nytte oss av hengekøy...eg er forsåvidt samd i det, men det er jo veldig koselig på ein slik tur sjølv om den gjer vondt!...

Håpa eg kan få prøve meg på ei slik overnatting igjen ein plass...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...