Om det er april eller mai, ja det kjem an på korleis og kva veret har gitt oss. Men, eg berre elskar denne tida – det grøne graset som spirer, blomane som kjem fram, og framleis kvit snø i dei blå fjella ♥
Anja`s ♥ skatter er mange, men er også for meg eit dekkande ord...Her i huset har vi mange skatter, alt frå to herlege barn på to bein, til svarte sjarmerande skapningar på fire bein :-) Her er sjølvsagt som med dei fleste andre, eit par "ting" som ligger hjerte nærast og er av større betyding akkurat for oss... Legg gjerne igjen ei lita helsing/kommentar til meg :)
søndag 26. april 2026
Gi meg april
torsdag 12. mars 2026
Beklageligvis...
...blir det ingen valpa gjennom våren her med oss!
Vi er veldig lei oss for at dei vel gjennomtenkte planane om to kull - eit her heime med oss og eit i Bergen med Bente &co ikkje blir noko av sidan begge tispene gjekk tom.
Det er langt ifrå "enkle" kull, men vi har lagt mykje arbeid i å finne rette kombinasjonar der vi ser på helse og sunnheit saman med genetisk variasjon, godt eksteriør og fine brukseigenskapar.
Vi håpa vi kan få nye valpa her i løpet av sommaren og vi legge ut planar så snart kombinajonane er klar.
Høyr frå deg om du ønska valp frå oss...
Klem -Anja-
onsdag 11. februar 2026
Utstilling - ønskjer du å lære meir
Utstilling - å få fram det beste i hunden, handla mykje om samspel mellom hund og handler...
Har du lyst til å stille hund på utstilling – eller gjer du det allereie?
Ønskjer du å få fram det beste i hunden din, og utnytte dei små, verdifulle minutta de har saman i ringen?
Kanskje kan eit lite kurs vere akkurat det som skal til for å bli tryggare i ringen og for å lære korleis du best mogleg viser fram hunden din?
Eg vil prøve å lære deg korleis de kan bli harmonisk og som ekvipasje kan få eit godt samspel...
Utstilling er eit viktig verktøy som gir oss kunnskap om rasen og avlsarbeidet vi driv med.
Kvar står vi eigentleg i forhald til den rasestandarden som er satt frå rasen sitt heimland?
I tillegg er utstilling ein sosial og triveleg møtestad der vi treff likesinna og får eit innblikk i breidda av hundar innan rasen. Difor er det så viktig at fleire stiller – jo fleire individ vi får vist fram, desto betre grunnlag har vi for vidare avl og for å ta vare på den verdifulle genbasen i rasane våre.
Eg var på mi første utstilling i 1996, og stilte sjølv for første gong i 1997 – om eg hugsar rett.
Sidan den gong har det blitt mange utstillingar, både i inn- og utland.
Eg har vist fram både eigne og andre sine hundar, av fleire rasar – og ikkje minst hundar frå eige oppdrett.
Med denne erfaringa håpar eg å kunne gi gode og konkrete tips til deg som ønskjer meir kunnskap, eller rett og slett vil ha hjelp til å vise fram hunden din på best mogleg måte.
Mi største erfaring ligg naturleg nok innan retrieverane – enkelt, funksjonelt og lite glamorøst.
På kurs hjå meg kan du forvente konstruktive tilbakemeldingar, servert med både varme og ein liten dose humor.
Det at hunden er tilgjengeleg og dommaren får gå over den på ein skikkeleg måte er utrulig viktig. Ikkje alle takla det like bra, men med litt trening går det som regel betre...
Her er Xo på utstilling NKK Sandefjord 2024!
Eg held kurs måndag 30. mars 2026 - tidspunkt og stad kjem eg nærare tilbake til...
Varigheit vert om lag 3 timar, avhengig av påmelding. Vi vil ha felles trening, samt individuell rettleiing. Det er stor læring i å sjå kvarandre jobbe, og vi vil nytte tid på kvar ekvipasje.
Kurset vil passe for alle med retriever frå kvalp og opp til pensjonist. Det koster kr. 1.200,- pr ekvipasje.
For meir informasjon og eventuelt påmelding, send E-post til anja@kvasneset.com eller melding på telefon til 900 18 619.
Til dei søm ønskjer vil eg sei - Velkomen til ein lærerik og triveleg dag ♥
Klem -Anja-
fredag 30. januar 2026
Kvalpa - Våren 2026…?
Vi har vore så veldig spent på om det er og var kvalpa på gang her, og vi skulle veldig gjerne sagt at det er mange på veg, men slik gjekk det ikkje denne gongen.
Abi er beklageligvis tom og med det blir det ikkje fleire kvalpa etter ho. Men, herligste Loke gløyme vi ikkje og håpe at vi kan nytte han på ei tispe litt seinare i år - viktig å finne ei som står godt til han.
Frøya venta kvalpa - men noko stort kull ser det ikkje ut til å blir, men for alle som ønska kvalp frå vårt oppdrett så er det berre å krysse fingre for at det er kvalp å få no. Om ikkje så planlegg vi ny spennande kombinasjonar, og er vi heldig blir ein av dei i 2026...
Ønska du å vite meir om våre planar så ta kontakt med oss!! Kanskje setje deg på liste for ein eventuell kombinasjon...?
Ønska de alle ei innhaldsrik og fin helg ♥
Klem -Anja-
onsdag 14. januar 2026
Vi telle 60 dagar…
…fram i tid og håpe vi kan ønske velkommen til enda nokre små firbeinte skatta..!!
For i dag har «Frøya» vore på besøk hjå Ragnar på ReproHund - og der vart ho inseminert med ein gammal bekjent. Filip har vi hatt eit godt auge til i lang tid og no var det dags å prøve å få kvalpa etter han igjen.
Tusen takk Marianne for at vi fekk bruke dei edle dråpane! Vi kryssa alt for at det skal bli kvalpa den her gongen…
Kunne skrive mykje om denne kombinasjonen for her ligg det fleire hundar som har ein spesiell plass i hjartet mitt.
Gleda blir veldig stor om eg eller vi - kan få igjen ein eller to kvalpa etter denne kombinasjonen også.
Tusen takk til Bente og Arild som har tatt turen over fjellet frå Bergen for sjekk av Frøya i går og venta til i dag for å få optimal dag for inseminering!
Vi går ein verkeleg spennande vår i møte og eg håpe vi skal få ein travel sommar med å få forme nye små svarte skatta til å passe inn i flokken vår ♥
Om du kunne tenke deg å vite meir om denne eller den andre kombinasjonen vi venta så høyre gjerne frå deg…!
Klem -Anja-
mandag 5. januar 2026
18 år..!!
…Timmen min, du er alt blitt 18 år - ein flott vaksen mann og då må eg spørre meg sjølv, kvar har tida blitt av ♥
Reisa saman med deg har vore mellom anna vore innhaldsrik, fin, gøy, litt skummel og ikkje minst mange fine opplevingar. Turen vår i august har eg lagt i den store dyrebare minnebanken min…Ei av disse oppleving for livet!
Vi starta her i Runnane og med nokre få små stopp kjørte vi opp til
Nord og sjekka inn på eventyrlege Skagen Gaard, tre dagar med supert selskap og to dagar i og ved ringen før vi kjørte rundt Botnvika og ned til Helsinki…
No vil eg dele nokre bilde frå denne fine turen saman med deg og kanskje kjem det meir seinare.

Så takksam for deg kjære Timmen min og så veldig stolt av den guten du har vore og som no har blitt ein flott mann.
Ei gåve fekk du på dagen, men som di søster venter det ein kvalp i løpet av året 🐾
Og som eg sa - no, no har eg ingenting eg lenger sku ha sagt…! 😅
Uendeleg glad i deg ♥
Klem -mamma-
søndag 4. januar 2026
Godt Nytt År ✨
…Håpa alle hadde ei fin nyttårsfeiring, at både to- og firbeinte behaldt roa i det vi la det gamle året bak oss og vi høglytt gjekk inn i det nye året. At vi då på fargesprakande vis kan stå rusta til å starte med det som måtte kome i det nye året. Så med blanke ark ønska eg det nye året velkomen…
Andre juledag vende tre av gjengen snuten eller hovudet mot Sverige - eg, Kristian og Abi - med eit mål, Abi skulle ha ein hot date med Loke 🤍
Vi brukte sjølvsagt google og valgte korteste veg, burde visst at det var holke og isete vegar. Ikkje berre var kjøreforholda på det meste av vegen dårleg, men i Folldalen kom tåka og då var det null sikt - vi såg ei og ei brøytestikke og det lova ikkje godt for resten av turen.
Men, fram kom vi og dei tobeinte fekk nye veldig hyggelige bekjentskap og ikkje minst vart det god kjemi mellom Abi og Loke. To parringar og vi får la naturen bestemme om innsatsen var nok, men vi håpa inderlig på at det blir nokre kvalpa i månedsskifte februar/mars…!!
Vi måtte ta ei ekstra natt i Sundsvall grunna sterk vind og særs dårlege forhald. Taket på «nabo» hotellet blåste av, tre over vegen utallige gongar, mykje skade og beklageligvis fleire omkomne. Godt vi kunne kose oss inne i veldig godt selskap 🤍 Det var også god kjemi frå første tid…
Hundefolk kan vi sei mykje om, men jaggu er det utrulig mange flotte folk vi møter på vår veg 🤍🤍🤍
Heile turen har vore meir som eit eventyr - og dei bruka jo å ende godt! ;)
Veldig spent på denne kombinasjonen og gleda oss stort til eventuelle kvalpa!!
Loke og Abi står så veldig fint til kvarandre og ein kombinasjon eg har stor tru på. Ingen er ekstrem på nokon måte, men velkonstruerte gode flatter…
Ta kontakt om du vil høyre meir om å hente kvalp frå oss…
Klem -Anja-
Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!
Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...
-
Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna. Jentene til søstra mi lika veldig godt...
-
Stamtavle, bilde av far «Loke» og mor «Abi», samt kvalpane i midten er Abi’s barnebarn… …Det gleda meg å kunne få planlegge eit siste kull, ...
-
Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare... Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bi...




.jpg)
.jpg)





















