lørdag 18. januar 2014

Første del "før og etter"...

...Har ein del før etter no når vi er i ei lita oppussingsfase ;)
Vi er jo ferdig med kjellerstua, men møblering og dekorering er vi ikkje heilt i mål med. Småting som måtte malast før vi kunne henge opp på veggen. Det største "diskusjonsemnet" var kva tv'n skulle stå på for her ville gubben ha litt å sei medan eg ville vere litt kreativ ;) Men jaggu var det gubben som vann denne gangen!!...For hans kjære svigerfar kom han til unnsetning då han hadde ein diger tvbenk ståande. Greit å bruke ting som er stabla vekk og gamle furumøbla blir ikkje så verst med litt maling...
Målte ut og den passa perfekt på veggen, så her måtte det berre til med litt kosmetiske småting før eg kunne sei meg fornøgd med valget. 
Litt arbeid er det når man skal fornye ein lakkert furubenk ;) Vask med salmiakk, lett pussing, få vekk støvet med microfiberklut, heftgrunning og til slutt x antal lag med maling...Phuuuu... FERDIG :)) 
Liksom litt enklere å male alt det som ikkje er behandla frå før, men la gå.
Veldig god fornøg med mine fine vindusrammer som eg og Katja kjøpte på loppemarked på gamle Langevåg skule...viser ei av to, den andre er ikkje heilt ferdig fylt enda ;)
Trur vi vil trivst i kjellaren...
Kjem snart med meir!!
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Ser ut som det blir kjeeeempekoslg Anja,vel verdt alt slitet!Skjønne detaljer på vinduet...du kan å lage stemning!!!
    Nyt helga så best du kan!!!!
    Toveklem :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk Tove!!
    Ja, vi kosa oss nede og gleda oss over kvar lille ting som kjem til og ikkje mist etterkvart som ting blir ferdig ;)
    Tom holdt på heile fredagskvelden med nedvask av badet og ga seg utpå natta ein gang :)))
    Ha ein fin fin kveld!!
    Klem -Anja-

    SvarSlett

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...