mandag 5. januar 2026

18 år..!!

…Timmen min, du er alt blitt 18 år - ein flott vaksen mann og då må eg spørre meg sjølv, kvar har tida blitt av ♥

Reisa saman med deg har vore mellom anna vore innhaldsrik, fin, gøy, litt skummel og ikkje minst mange fine opplevingar. Turen vår i august har eg lagt i den store dyrebare minnebanken min…Ei av disse oppleving for livet!

Vi starta her i Runnane og med nokre få små stopp kjørte vi opp til

Nord og sjekka inn på eventyrlege Skagen Gaard, tre dagar med supert selskap og to dagar i og ved ringen før vi kjørte rundt Botnvika og ned til Helsinki…

No vil eg dele nokre bilde frå denne fine turen saman med deg og kanskje kjem det meir seinare.


Fint at vi fekk samme fine sommaren i nord sommaren 2025 når du var med, akkurat som då eg og Katja var der i 2024…
Her er du saman med Abi, Xo og Sansa frå kveldstur på Straumøya med utsikt mot Bodø…
Like før dette bildet fekk vi sett flokken med elg på markane…

Turen nordover på natta var meir som eit eventyr og spesielt med dei skybrota som vi fekk sjå i Nord-Trøndelag og i det vi kjørte inn i Nordland.
På Nordlandsporten fekk vi oss litt søvn i bilen før vi kjørte vidare.
Bildet her er då vi stoppa for lufting av både oss og hundane ved Polarsirkelen på Saltfjellet.

Fredag kveld og vi har sjekka inn på fantastiske Skagen Gaard…
Det skal eg forhåpentligvis dele og skrive meir om seinare.

To dagar i og ved utstillingsringen i Fauske. Flotte dagar der vi fekk sjå fleire fine hundar og ikkje minst kjekke folk!!
Heilt klart Rette personen å sette ein kvalp i fanget på 
Vi stilte oppdrettergruppe som fekk HP begge dagane, tusen takk for hjelpa til Kjell Arne, Marianne og Barbro..!!
Grunna varmen laurdag stilte vi ikkje i den store ringen og søndag starta nokon på heimvegen og vi på veg mot Finland.

Ja denne turen var eit eventyr på mange måtar!! 
Ei lita stund etter vi hadde kome oss inn i Sverige fann nokre reinsdyr ut at dei skulle hive seg ut i vegen rett framføre oss. Litt kraftig bremsing resulterte i litt låste bremser på hengaren…sikkert noko eg skulle ha sjekka før tur, men alt virka ok då - så ja, ein lærer så lenge ein leve…
Vi var heldig å møtte ein hyggelig fyr i dei svenske skoger som stakk heim å henta ein hammer som vi vaken med på resten av turen. Vi kjørte opp på litt kanta og dunka laust, herlighet den natta trur eg Timmen var ein tanke oppgitt over senkning «galne» mora si ;) Vi kom oss omsider til Kemi for i Tornio fekk vi ikkje hotell - Sverige var ikkje eit alternativ for å ta med seg gjengen med firbeinte inn på eit lite rom.
Takk for at i Finland skjønna dei at hundane kan ha det betre i sine trygge omgivelsar enn inne på eit varmt hotellrom!!

Mange flotte stader på reisa vår gjennom Norge, Sverige og Finland - Her Olhava i Norra Österbotn, Finland 

Den veka vi var i Helsinki budde vi på Scandic Park Helsinki, fantastisk med hund og gode tur moglegheiter. 
Her like ved Toolonlahti - det store vatnet som var fin turveg rundt.

Her er vi ute på Suomenlinna/Sveaborg…
Ein utrulig fin dag saman med besta og besten, Rasmus, Kristian og ikkje minst min tremenning Anne (som vi traff kvar sommar då vi var små) og henna barn.

Etter ein dag ute på fortet tok vi ein matbit på torget i Helsinki…

Gjengen på veg tilbake til hotellet etter ein lang dag med trasking og mange fine opplevingar…

Rasmus kunne ikkje hatt det betre på tur der du var ein trygg, god og stødig storebror kvar enn han gjekk 

Etter verdensutstillinga - World Dog Show, søndagen reiste vi til Naantali for Spahotell og ikkje minst besøke Mummidalen.

Her kunne vi heilt klart vore fleire dagar…
Frå hotellet var det gåavstand til Mummiverden…Ein utrulig fin og koselig park utan alt «dill og dall» som kjem med forskjellige parkar.

Storebror handla litt til Rasmus både munnspill og ein mummitroll-bame…

Vi kunne også gjerne ha utforska meir av sjølve Naantali…
Dagen etter parbesøket tok vi ferga til Sverige, ein lang og spennande tur for Rasmus 
Rasmus og Kristian kom med fly til Helsinki men vart med på kjøretur heim…

Så takksam for deg kjære Timmen min og så veldig stolt av den guten du har vore og som no har blitt ein flott mann. 

Ei gåve fekk du på dagen, men som di søster venter det ein kvalp i løpet av året 🐾

Og som eg sa - no, no har eg ingenting eg lenger sku ha sagt…! 😅 

Uendeleg glad i deg 


Klem -mamma-



søndag 4. januar 2026

Godt Nytt År ✨

…Håpa alle hadde ei fin nyttårsfeiring, at både to- og firbeinte behaldt roa i det vi la det gamle året bak oss og vi høglytt gjekk inn i det nye året. At vi då på fargesprakande vis kan stå rusta til å starte med det som måtte kome i det nye året. Så med blanke ark ønska eg det nye året velkomen…

Andre juledag vende tre av gjengen snuten eller hovudet mot Sverige - eg, Kristian og Abi - med eit mål, Abi skulle ha ein hot date med Loke 🤍


Vi brukte sjølvsagt google og valgte korteste veg, burde visst at det var holke og isete vegar. Ikkje berre var kjøreforholda på det meste av vegen dårleg, men i Folldalen kom tåka og då var det null sikt - vi såg ei og ei brøytestikke og det lova ikkje godt for resten av turen.

Men, fram kom vi og dei tobeinte fekk nye veldig hyggelige bekjentskap og ikkje minst vart det god kjemi mellom Abi og Loke. To parringar og vi får la naturen bestemme om innsatsen var nok, men vi håpa inderlig på at det blir nokre kvalpa i månedsskifte februar/mars…!!


Vi måtte ta ei ekstra natt i Sundsvall grunna sterk vind og særs dårlege forhald. Taket på «nabo» hotellet blåste av, tre over vegen utallige gongar, mykje skade og beklageligvis fleire omkomne. Godt vi kunne kose oss inne i veldig godt selskap 🤍 Det var også god kjemi frå første tid…

Hundefolk kan vi sei mykje om, men jaggu er det utrulig mange flotte folk vi møter på vår veg 🤍🤍🤍

Heile turen har vore meir som eit eventyr - og dei bruka jo å ende godt! ;) 


Veldig spent på denne kombinasjonen og gleda oss stort til eventuelle kvalpa!! 



Ta kontakt om du vil høyre meir om å hente kvalp frå oss…

Klem -Anja-



lørdag 6. desember 2025

Finlands nasjonaldag - sommarminne

Finland feira sin nasjonaldag i dag 6. desember - dei feira markere Finlands uavhengigheitserklæring frå Russland i 1917.  

Finnsnes minnast den dagen dei vart sjølvstendig med å tenne to lys i vindauget, eit for heimen og eit for fedrelandet 🤍


Finland har alltid lagt mitt hjarte nært, liksom noko som ein har sakna i heile mitt vaksne liv. Har sagt at no må eg snart tilbake, men slik har det aldri vore - ja, heilt til i sommar!

Ikkje berre fekk vi kome til Finland, men møtt fleire i familien som vi har der borte.

Gratulerer med Finlands nasjonaldag, mamma…


Gratulerer så mykje med sjølvstendige dagen Finland

mandag 1. desember 2025

Tilbakeblikk...

...Eg delte to bilder på Instagram, eit som vart teken i dag av Abi og dotter Xo, og eit bilde frå 1. desember 2020 av Abi og mor Keesha. På Facebook delte eg det eg tok i dag og på begge to skreiv eg; 1. Desember

Xo og Abi på Leirvågfjellet, i dag 1. desember 2025…

1. Desember 2020 ✨Keesha med dotter Abi…

Det er nok ikkje mange bilde som blir delt utover desember, men kanskje kan eg klare å sjå tilbake på ein del opplevingar gjennom 2025.

Det er kun ein tanke og ingen lovnad...


Ønska de alle ein innhaldsrik og så langt som mogleg, ein god desember ♥♥♥

Klem -Anja-

onsdag 26. november 2025

Valpeplana vinteren 2026

Stamtavle, bilde av far «Loke» og mor «Abi», samt kvalpane i midten er Abi’s barnebarn…

…Det gleda meg å kunne få planlegge eit siste kull, forhåpentligvis kan det bli eit kull til på vår kjære «Abi»..!

I løpet av året har det slått meg at Abi absolutt burde hatt eit kull til så eg har hatt litt tankar ang hannhund.

I august såg eg Loke og måtte bort å spørre om å få sjå nærare på han. 


Loke i ringen på laurdagen...
Søndagen måtte eg bort for å snakke med Veronica og få sjå litt nærare på han, få kjenne litt på han og høyre litt om han...

Fekk godt inntrykk og orda som matmor kunne beskrive han som gjorde at eg tok med meg ein hund i tankane for å finne ein god match…

Bilde av vakre og dyktige «Loke» er lånt av Veronica…


Veronica skriver så fint og forståelig om sin kjære Loke:


«Loke har ett hjärta av guld, snäll mot allt och alla. Älskar jaktträning, fint grepp, full fart i arbete med bra av och på knapp. Duktig markör. Utöver jaktträning är viltspår och nosework någonting som Loke älskar. Loke är svensk viltspårchampion och tränar nu för finsk och norsk championat. I nosework är vi i klass 2. 

Under vintern tränar vi även lydnad och rallylydnad.

Loke är en duktig arbetshund med fina retriver egenskaper. Tyvärr har mattes kunskaper inte gjort att vi startat på b-prov än men målet är såklart att starta (min första flat).

Loke älskar att showa i utställningsringen också. Han är svensk, lettisk, polsk, estisk och internationell utställningschampion. 

Hemma är Loke lugn och en riktig mysfarbror. Han håller sin matte kär och brukar kallas för sin  mattes skugga.


Loke bidrar med fin genetisk variation i rasen. Via flatklubben gjorde vi ett test under 100 så kommer nytt blod in. Loke fick -67. Släktindex 94.2 (under 100 är målet )

Därför känns det extra roligt att ni vill använda honom och föra vidare hans fina egenskaper.


Flatten är fantastisk mångsidig! Spelar nästan ingen roll vad vi tränar - allt är kul bara de får vara med ❤️


Loke är 61.5 cm och aldrig varit sjuk. Inga allergier. Mamma Flamman blev nästan 13 år. Var pigg in i det sista och jagade för fullt i höstas. Pappa Wilson var en riktig showkille som levde till han var 10.5 år.»


Abi er det nok mange av dåkke som har litt kjennskap til, ei herlig tispe og saman med Katja i utstillingsringen - mitt dreamteam 🤍


Abi 1 år då ho tok det første certet sitt og det andre kom då ho var 3 år...

I oppdrettergruppene er ho med og då veit vi at det veffal alltid er ei som ikkje er klovn 😅

Oppdretterklasse frå 2025 - Abi som nummer 2 frå høgre...

Abi til venstre der ho helde på HP-rosetten etter ei oppdretterklasse for nokre år sidan...

Ho er (bank i bordet) alltid frisk, kun eit par ganga med litt dårlig mage på 7 1/2 år. På mange vis tok ho over plassen til si mor og er alltid trygg, våken, rolig, «på», herlig god og alltid like stødig og ei forsiktig sjef i flokken…

Ho er også ein herlig hund å trene med og her vise ho stolt fram dummyen ho og Kristian fekk etter endt JaktCup i 2024 - Nr. 3 samanlagt i Rekrutt..

Ikkje rart eg ønska ein hund til igjen etter ho, og det her trur eg kan bli ein veldig fin kombinasjon så eg krysse fingre for at vi skal lykkast..! 


Elles er L-kullet i dag 9 år og eg sende ein ekstra stor GRATULASJON til dei..!! 

For 9 år sidan kom det 14!! valpa til verda der ein var død, men 13 vaks opp. Sky var ei fantastisk mamma og Chico ein heilt herlig hund som var far til disse.

Fellesnmner ved denne kombinasjonen er at bestemor til Abi var kullsøster med Chico…


Muleg det kjem andre plana også om veldig kort tid, vi gler oss og vil sjølvsagt dele når alt er klart...


Ønska alle ein god siste onsdag i november ♥♥♥

Klem -Anja-



tirsdag 25. november 2025

Lammeskinn for sal…

…av Gammalnorsk Spælsau..!!

Her er bilde av kvart enkelt skinn med pris og størrelse i ca mål…

Skal prøve å oppdatere som solgt når dei er det ;)


SOLGT‼️ Nr. 1 - Størrelse 140 x 110 cm  Kr. 2,500,- 


SOLGT‼️ Nr. 2 - Størrelse 100 x 70 cm  Kr. 1,400,- 

Nr. 3 - Størrelse 100 x 80 cm  Kr. 1,500,- 

SOLGT‼️ Nr. 4 - Størrelse 120 x 90 cm  Kr. 2,100,- 

SOLGT‼️ Nr. 5 - Størrelse 130 x 80 cm  Kr. 1,800,- 

SOLGT‼️ Nr. 6 - Størrelse 125 x 90 cm  Kr. 2,200,- 

SOLGT‼️ Nr. 7 - Størrelse 90 x 60 cm  Kr. 1,000,- 

Nr. 8 - Størrelse 130 x 80 cm  Kr. 1,900,- 
Heilt fantastisk og usedvanlig fint kvitt skinn!

SOLGT‼️ Nr. 9 - Størrelse 100 x 70 cm  Kr. 1,400,- 

SOLGT‼️ Nr. 10 - Størrelse 135 x 80 cm  Kr. 2,500,- 

SOLGT‼️ Nr. 11 - Størrelse 120 x 80 cm  Kr. 2,100,- 

SOLGT‼️ Nr. 12 - Størrelse 130 x 90 cm  Kr. 2,100,- 

SOLGT‼️ Nr. 13 - Størrelse 150 x 95 cm  Kr. 2,500,- 

SOLGT‼️ Nr. 14 - Størrelse 130 x 80 cm  Kr. 2,300,- 

Nr. 15 - Størrelse 120 x 80 cm  Kr. 1,900,- 

Nr. 16 - Størrelse 140 x 90 cm  Kr. 2,500,- 

Nr. 17 - Størrelse 100 x 70 cm  Kr. 1,400,- 

SOLGT‼️ Nr. 18 - Størrelse 130 x 90 cm  Kr. 2,200,- 

SOLGT‼️ Nr. 19 - Størrelse 100 x 70 cm  Kr. 1,300,- 

Nr. 20 - Størrelse 120 x 80 cm  Kr. 2,000,- 

Nr. 21 - Størrelse 120 x 80 cm  Kr. 1,500,- 

SOLGT‼️ Nr. 22 - Størrelse 120 x 80 cm  Kr. 1,600,- 

SOLGT‼️ Nr. 23 - Størrelse 120 x 80 cm  Kr. 1,700,- 


Lekre lammeskinn har dei også dissa to hobbybøndene på Indre Sula.

Eg vil så absolutt varmt anbefale ei digg gåve til deg sjølv eller kanskje nåkken du er glad i 🤍


For disse smårare karane levera nåkken utrulig flotte og varme lammeskinn i mange fargevarianter og litt forskjellig størrelse av Gammalnorsk Spælsau ✔️

Skinna av lam er faktisk, på nynorsk,  bokstaveleg talt «laga i Solavågen», gått rundt i bygda å spist og hatt eit fint og fritt liv…kva er vel betre enn å kunne nytte seg av slike varer?? 


Herlig ute spesielt på vinteren, i godstolen, på soffan, på eit kaldt golv nedfor senga, på ein benk ved vindauget, til katten eller hunden - dei berre digga disse, i barnesenga (ikkje spedbarn då dette er langhåra ull) eller i fotenden til dei som er kald på føttene, i bilsetet eller i kontorstolen…Uendelige mange bruksområde og du blir hekta av å ha det rundt deg.


Gammalnorsk Spælsau er ein av dei eldste og mest ur-norske sauerasane vi har, den er hardfør og har ekstra varm ull. 

I tillegg har dei ei utrulig estetisk flott ull med nydeleg langt fint dekkhår som passar inn i alle heimar og vil setje prikken over i’en og høg kosefaktor i den tida vi går inn i no ✨


Vi berre digga disse vakre og koselige dyra som har unike eigenskapar. For ulla frå gammalnorsk spælsau er særmerka fordi ho er todelt med eit grovt og langt dekkhår som vernar mot vêr og vind, og ei fin og mjuk botnull som isolerar mot kulde. 

To-lags strukturen gjer ulla både sterk, slitesterk og varm. Tradisjonelt har ho vore nytta til alt frå segl til varme klede og tepper…


Dette er nokre av dei skinna som er på lager og for sal no….

Klem -Anja-

18 år..!!

…Timmen min, du er alt blitt 18 år - ein flott vaksen mann og då må eg spørre meg sjølv, kvar har tida blitt av ♥ Reisa saman med deg har vo...