torsdag 23. februar 2012

Love is green

Vi har no fått påfyll av dei herlige duftlysa frå Love is green…dei har ei fantastisk lukt og brenne så flott, vi har dei i forskjellege dufter i både stort og lite glas.


Her er bilde av stor og lite glas med lavender...

Lysa er handlaga i England av 100 % økologisk palme- og soyavoks og kjem i fleire størrelsar. Veiken er av bomull med ei lilla papirkjerne og heilt utan nylon og bly, det lille glaset har ei brenntid på opptil 20 timar, stort lys brenne i opptil 60 tima. 

Voksblandinga er enten tilsett reine eteriske oljer eller duftoljer, den smelta ved veldig lav temperatur og egna til massasje eller som handkrem. Skal voksen nyttast til det bør man velje lys med eteriske oljer.

Ej er nok som dei fleste sikker forstår litt svak for lilla, ikkje minst herlig sommarleg velluktande lavendel – det er balsam for sjela ♥♥♥

Når man først er inne på lavendel ventar vi på vår nye firbeinte venn, vi skal snart hente heim ei lita svart frøken frå Tsjekkia, ej fikk ei liste med namn å velje mellom og det blei då sjølvsagt ♥ «Lavender Sky Black Brianta» ♥ ...


Ønska dåkke alle ein fin kveld  ♥♥♥ 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset ... ...skodda har lagt gra...