onsdag 16. november 2016

Snopkake med sjokoladekaramell 🌟

Farlig god kake som passa i dei fleste ganar...
Farsdag, klubb og jul...uansett anledning så trur eg denne blir ein sikker vinnar :)

Botnen er enkel og kjapp å hive saman:

100 gr. smør
3 dl sukker
2 egg
2 ts vaniljesukker
5-6 ss kakao
1,5 dl mel

Smelt smør medan du piska saman det andre. Ha bakepair i ei 24 cm rund form, hell røra oppi og steik den på 175 grader i 20 minutter (ikkje steik den form mykje då den blir tørrare)...avkjøl kaka før du har fyllet oppå.

Medan kaka er i omnen kan du begynne på fyllet.
2 dl kremfløte
1 dl sirup 
1 dl sukker
100 gr. kokesjokolade
100 gr. smør

Varm opp fløte, sirup og sukker...rør inn kokesjokoladen og kok det i ca. 15-20 minutter til det blir tjukt/seigt, rør så inn temperert smør litt etter litt...

Sett kaka kjølig slik karamellen får stivne...

Server den gjerne med is og heimelaga bærsaus...husk for all del å nyt og gløym kaloritellinga for ei lita stund :)
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje pÃ¥ tide Ã¥ fÃ¥ registrert dei nÃ¥r dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei pÃ¥ dei forskjellige kv...