tirsdag 4. mai 2021

Pansra Beatleslåter.......(?)

...eller berre rett og slett bedårande små skatta..!!?
Synonymet til Brynje er panser, og brynje var ei slags strikka metallskjorte i vikingtida som fungerte som ei slags rustning. Jaja, det eg eigentleg skulle fram til med det her er at Brynje er Kennelnamnet til Barbro, og ho har funne stilige Beatleslåta til namn på Mini og Emil sine 12 herlige små 
♥♥♥


Den her lille sjarmisen her har starta sangøving så gjenstår det å sjå kor det ende om han kanskje kjem seg ned Penny Lane...


Her har dei nett oppdaga at det er noko mat på gang...
Gjengen sit så fine og tålmodige å venta på at det skal kome ei skål med mat til dei...


I går tok eg meg ein kjøretur opp til Barbro & co på Frei for å sjå på den herlige 12èr banden deira..! 12 små herlige og gode svarte skatta på 4 bein, ja ganske så uimotståeleg vakre og superfine - sånn heilt objektivt sett ;)  

På vegen oppover var det godt å tenke på at det kun var meg og bilen, rare meg som faktisk lika å kjøre bil for eg får liksom tid heilt for meg sjølv og mine tankar der...

Men, undervegs vart eg dårligare og rett før eg skulle kjøre ombord i ferga begynte eg å lure på om eg ville klare å kjøre til Frei og heim igjen med ein fot der nervesmertene satt inn eit ekstra gir...Heldigvis er eg lite redd og eg er vel heller ikkje særleg skvetten(!?) av meg så då var det berre å bite tennene saman og ta fram staheita mi og fortsette turen. 


Denne gongen vart det ein ekstra varm velkomst då Mini sa hei etter ho hadde hatt seg ein eventyrleg tur i skogen heilt på eigen hand...For oppkast er sjølvsagt ganske så varmt i det det kjem opp og i tillegg med ein stank (av ei slags møkk) ingen ønska å kjenne!! Eg kom med beskjedne brekningar i det eg ropa på Barbro...ho tek valpen med spy og eg tek tak i dei tre som prøvde å spise delikatessa mora hadde fått tak i og sausa saman til ei god røre 🤢

Tispene først:

Brynje Twist And Shout "raud"
Brynje Paperback Writer "lilla"
Brynje Love Me Do "lime"
Brynje Penny Lane "rosa"
Brynje Here Comes The Sun "beige"
Brynje Can`t By Me Love "turkis"

Så kjem det 6 herlige gutar:
Brynje In My Life "lille blå"
Brynje I Feel Fine "umerket"

Brynje Helter Skelter "svart"
Brynje Free As A Bird "grøn"
Brynje Eight Days A Week "oransj"
Brynje Across The Universe "brun"



Som alltid like kjekt å sjå flotte valpa og få litt tid i godt selskap!! Eg kom meg vel heim og om nokre daga så vil nok foten også "normalisere" seg ;) 

Vi fikk sett litt på valpane og eg tok nokre bilde av kvar, ikkje alle vi rakk å få ta skikkelege bilde på bordet, men viktigst å få sett korleis dei var og eg er særs nøgd med det vår lille "Emil" har produsert så langt! Veldig kjekt å kunne få følge eit kull etter han så kanskje det kan bli fleire etterkvart...


Gler meg allereie til neste gang vi sjåast Barbro, og måtte det kanskje snart vere rundt og i ringen på utstilling..!!

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk, for ei super kurshelg!!

Takk, tusen takk til dåkke alle for ei super kurshelg!! 🤩  Eg har kost meg meg huset fult i flotte «hundefolk» og ikkje minst fått lov å se...