lørdag 31. desember 2022

Keesha - ein heilt unik hund...

«Keesha» (til venstre og dotter Abi til høgre) har no gått over regnbogen, men linjene leve vidare i barna og barnebarna…

...Ja det var akkurat det ho var, ein særs unik hund som fikk fram alt av kjensla i meg, for eg har aldri før kjent så mykje på ein gong og noko som kan nemast er glede, redsel, irritasjon, varme, frustrasjon og omtanke. 
Om eg ein gong skal menneskleggjere ein hund noko som eg ikkje er så veldig fan av! så er det nok vere akkurat ho, ja for ho viste meg omsorg sjølv når ho var på det svakaste. Der eg sat i redsel for å miste ho la ho poten sin på meg og såg på meg med dei varmaste augene.

Keesha var frå I-kullet vårt som var født på julaftan 2014 og saman med bror Bobby vart ho buande igjen her hjå oss.

Keesha og Bobby som valp…

Keesha i Geiranger på veg til parring, og på Vågå 2019 på veg heim...
Keesha her i oppdrettergruppa som vart BIS 1 på NKK i Ålesund!! For meg vil du alltid vere nummer 1 Keesha 🤍
Keesha beste tispe under dommar Arne Foss:
«5 år. Meget velbygget. Absolutt maks størrelse. Hodet har god lengde og fin form. Bra overgang skalle - snute. Velplasserte ører. Gode vinkler. Sterk benstamme. Vakker halsovergang. God lårbredde. Særdeles fine, attraktive sidebevegelse. Utmerket temperament. Velvist. Det er ganske mye av henne for en tispe, men det som er der er meget korrekt.»
Keesha digga å springe venstresvingar og har mange fine resultat frå utstilling...litt surt at siste utstillinga i Norge enda med res.Cert altså plassen bak storCertet som ville utløyst championatet.

I mars 2021 venta Keesha sitt tredje kull, og der måtte alle dei 11 valpane ut med hjelp etter at ein sat fast i fødselsvegen. Det vart litt romstering der inni og samstundes som ho fikk feit mat for melkeproduksjon til valpane var nok det ein kombinasjon som ga ho Pankreatitt, det kan forenklast med å sei Akutt Bukspyttkjertelbetennelse... 
Dette er ein tilstand som ikkje kan medisinerast på anna måte enn å gi dei feittfattig kost, smertelindring, væsketilførsel og ro. 

Etter keisersnittet vart ikkje Keesa betre og vi merka at ho etterkvart vart dårligare og kvalm. Det var inn til veterinær for å eventuelt få medisinering for melkekrampe, men blodprøvene viste ikkje dei tinga eg først frykta for der stod vi med høge verdiar på Pankreatitt.

Ho kom seg utrulig nok gjennom det og tok godt vare på gjengen på 11 små svarte herlige skatta. 
Tida gjekk og vi fikk ei lang fin tid med turar og opplevingar. I mai var ho på to utstillingar i kampen om det siste certet for championatet kom ho på plassen bak på si siste utstilling i Norge...

Keesha fikk tilbakefall av Pankreatitt der ho hadde enda høgre verdiar enn sist. Eg merka lite til at det kom krypande og invaderte kroppen henna før ho vart skikkelig dårlig med oppkast, lite slapp for på tur ville ho, men når eg såg skikkelig etter så hadde ho eit spesielt drag i blikket.

Etter grundig undersøking hjå veterinær der vi vart einige om kva vi skulle gjere tok eg ho med heim og hadde ho på intravenøs i stua. Der fikk ho rikelig med veske, kvalmstillande og smertelindring. 
Ho slutta etterkvart å spy, veskebalansen var god og smerte hadde ho ikkje, men å sjå den til vanleg så energiske hunden berre ligge der var heilt forferdelig. Vi prøvde å få i ho mat utan hell og på kort tid gjekk ho ned bikka 6 kilo!! Ho slikka litt av våtforet men då ho fikk ein liten klump i munnen spytta ho den ut. 
Etter eit par dagar var vi inne igjen til kontroll og med råd om å prøve "siste triksa i boka"...eg gjekk her saman med Keesha heile tida og passa på at ho hadde det bra, tirsdag då vi låg på gulvet kvilte igjen augene godt på meg, men det her var eit heilt anna blikk - "No må du gi slipp på meg..."
Så etter to daga etter sist veterinærbesøk reiste eg og borna til kontrollen som var satt opp for vi visste kva som møtte oss der. Der diskuterte veterinærane og det var ikkje meir vi kunne gjere for ho 

Berre knappe tre veker før ho vart sjuk, eller vi merka at ho var sjuk sprang ho venstresvingar i Sverige og storkoste seg i ringen!! Eg og Barbro på Kennel Brynje hadde med oss tre generasjonar på "husmorferie" til Östersund, der vi var på utstilling søndagen.

Det er alltid tøft å miste disse firbeinte som ein blir så uendelig glad i ♥ men innimellom er det tøffare enn andre gongar...
Det at Keesha var knappe 8 år då eg måtte gi slipp gjer det nok verre, for eg hadde verkeleg sett fram til mange fine år framover.
Men, sjukdom/skade er ikkje noko ein rår over og då er det berre vår plikt å gi slipp når tida er inne. 

30. august 2022 lot ho igjen augene kvile på meg, men denne gongen sa dei til meg med tomt blikk "denne gongen klare eg ikkje å kome meg gjennom det, og det er på tide at du gir slipp på meg..." 
Onsdag 31. august fikk ho gå over begnbogen og ut på dei evige jaktmarker 


Tre generasjonar dotter Abi, Keesha og mor Nora...

Tre generasjonar: Abi, mor Keesha og lille Xo…

I huset sit vi igjen med to generasjonar etter ho, og skulle sjølvsagt fortsatt gjerne hatt den tredje generasjonen. Keesha gav oss tre flotte kull..!!

Hadde du moglegheit så var du alltid der eg var, gjekk dit eg var, la deg der eg haldt til, gikk og hoppa etter meg der eg tok vegen…

Skulle så veldig gjerne ønske at eg kunne gå inn i 2023 med Keesha ved sida mi, for i bunn og grunn så berre treng eg ho 
Klem -Anja-


Eit av dei siste bilda av Keesha og dotter Abi på favorittsatden vår, Leirvågfjellet med utsikt rett i Hjørundfjorden...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...