onsdag 9. august 2023

Cava ny Champion

Laurdag 5. august sprang «Cava» inn til sitt tredje CERT og kunne få tildelt sitt norske utstillingschapionat..!! Med det kan den firbeinte brune skatten legge til NUCH framføre namnet sitt og då kan vi skrive, NUCH Kvasneset’s Treasure to Share 🤎

Dette bildet av Anne-Mari og Cava frå NKK Tromsø 2022 fekk eg tilsendt frå Marte…

Det er fleire tisper som har og har hatt to små CERT, men sjølv om vi har vore nære med fleire reserve CERT, har vi aldri klart å få det store på ei tispe…Så difor var det utrulig kjekt, og veldig stolt av å no få kunne skrive at vi igjen har fått ein NY NORSK UTSTILLINGSCHAMPION!!


For dei som huska høydepunktet for 2022 så var det då «Cava» og Katja vann Yearling på Crufts i Birmingham i mars…

Det er i utgangspunktet ein vakker og elegant rase vi er så heldig å ha, men sjølvsagt individuelle forskjeller. Så i tillegg til at «Cava» er ein vakker flatcoated er ho eit supert arbeidsjern og ein heilt herlig familiehund 🤎

Som oppdrettar er vi stolt og glad på vegne av Marte og Torgeir som gir ho ein god heim og samstundes helde ho i fantastisk kondisjon!! Superstor takk til flinke Anne-Marie som stort sett stiller ho i ringen der oppe i nord!! 

Dei har også konkurrert mykje i juniorhandling, og i 2022 var dei saman i Paris!! 

Ho har masse av dei kvalitetane eg set pris på i hundane. Ho er akkurat passe og på ingen måta ekstrem, og det er akkurat slik eg ønska det…

Bildet her er samansett av Cava og er frå Trondheim 2021 då ho vart kvalifisert til Crufts, Cava vinner Yearling saman med Katja på Crufts 2022, så eit bilde her ved fjorden i mars 2022 før ho for nordover igjen, så saman med Anne-Marie frå laurdag då ho vart champion.

Dette er kritikken ho fikk av rasespesialist Nina Skjelbred på NKK Fauske, med premiering og plassering: Excellent, 1 AK, CK, 1 BTK, CERT, CACIB, JubileumsCERT, BIM..!!  

«Cava» har akkurat fylt 3 år og er etter «Pontus» N UCH NCH SE CH Simon Says Honey I’m Home (Toffedreams Day Delivery x Ballyriver Black Caviar) og «Berta» Kvasneset’s Just For Fun (Intuch Norduch Sevch Inkwell`s Final Guess x Lavender Sky Black Brianta) født 14. juli 2020


BIM og BIR saman med dommaren…

Herlige lille skatten som eg er så heldig å få ta ekstra del i…

Eg kan sjølvsagt ikkje ha for mykje hund heime sjølv, og då er det fantastisk at eg kan ha gode vener og eit godt samarbeid…Tusen takk Marte 🤍

Henta nokre minne frå snaprullen mellom meg og Marte…

Snapminne frå september 2020…
Pippi og Cava nyte turlivet i og rundt Harstad…Det er jo det her vi vil ha, herlige turkameratar som er glad, lykkeleg,rampete, skitten og våt…
Ei av mange juniorhandlinga for Anne-Mari og Cava 🤍 Her frå mars i år…
Snap frå Marte på Cava sin 3 års dag no i juli 🤎

Veldig glad for at eg kan ha slike firbeinte skatta i livet mitt, både nært og fjernt…

Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...