fredag 6. april 2012

Thailand April 2012

Endelig resetid!! Første gang vi reiser på ferie med fly, det vil sei at ingen hundar er med og vi skal nyte sol og varme!!
Søndag 1. April skulle vi reise avgårde – det begynte med oversvømmelse på badet når Tom dusja, ej måtte berre hive meg på tørkinga (var vel kun mi skyld då hundane hadde fått seg ei runde i dusjen før dei skulle hit og dit på ferie, med hunda som røyta sei det vel sitt!)
Så satt vi oss i bilen og kjørte retning Gardermoen, med nesten årets første snø dalande ned og lite ante vi at vegane skulle vere så fæle  - har nesten ikkje opplevd makan!!
Dei første vogntoga som stod fast på vegen var allereie i Skorgedalen, etter dette var det speil blankt og skikkeleg dårlig føre i lang tid, fleire vogntog låg «strødd» og andre stod å venta i kø på strøbilen. Etterkvart gjekk det over til litt bedre vegar men tett snøkave...

Men, nåkken kunna like gjerne parkert bilen å venta på betre tider for dei kjørte i 20-30 km i time og det sei seg sjølv at dei var ei fare for alle andre, på lik linje med den FORDØMTE NORCARGO bilen som kjørte som en villmann, hadda ej fått han forann meg skulla han fått seg ein på trynet slik at han ikkje var kjørbar før dagen etter!!!!! Prøvde å ta nummeret, men det var sjølvsagt snøva igjen…

Eit lite stykke nedom Dovre ville vi ringe etter rom for natta, så oppdaga vi at eine telefonen til Tom var vekk…ej foreslo at vi skulle kjøre opp til Dombås der vi stoppa sist, når vi var nesten der kom ej på at den mest trulig var døtte ut av bilen på Lora, og det stemme nok for der var ingen telefon på Dombås…den får ligge godt nedi snøen der ;) Gubben var sjølvsagt irritert for det var første telefon han har klart å miste (det må sjølvsagt brukast mot han seinere – for ej er jo ei vimse med både telefon, nøklar og lommebok!).

Vi låg nåkken tima på Bjørns Kro og Motell, etter så mange tima til Lillehammer var vi litt utslitt med den snø kava som var!!
Måndag morgon frukost (som sorry ikkje kan anbefalas) så resten av turen…ej satt meg i bilen og Tom spør «kor er veska di?»… «den e nok på kafeen den!» Ej spring inn igjen henta veska med fotoapparat begge lommebøkene etc. Jaja no må vel all «uflasken» vere oppbrukt!!...

Katja og Tim leikar seg på flyplassen...
Ankomst Gardermoen ca. 2 timar før flyet skal gå, greitt for barna å kunne springe litt rund og få seg en matbit!!
Timmen har kjøpt seg SUSHI...namnam...
Litt hjelp av mamsen for å få den fort i seg før vi skulle ombord...Timmen spiste heile brettet og det va godt det!!
Ready for take of...
Litt tidsfordriv...
Tim sov ein del, men Katja klarte ikkje sove før det kun var ein halv time igjen til frukost, så ho var litt trøtt og morragretten (som sin far) ei lita stund -  men det gjekk heldigvis fort over ;))

Vi reiste kl. 14.15 frå Gardermoen og ankom Bangkok litt før 6 lokal tid (5 timar før Norge)…Vårt første møte var VARMT!! Ikkje minst var vi heilt satt ut av alt som vi såg – spesielt langs vegen!!
Ditte var berre ein ej tok bilde av på veg frå Bangkok til Pattaya...heilt utruleg å sjå alt rare som for langs vegane!!


Varm helsing frå Thailand!!
Klem…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...