søndag 6. juli 2014

Fin første feriedag

Vi er til glede for både store og små tilbake på hytta og har hatt ein fin første feriedag ♡ Eg var som vanlig oppe lenge før dei andre, kosa meg i kjøkkenkroken før eg og Nora måtte ut på tur...
Det var visst to andre firbeinte som også kunne tenke seg å vere med så dei andre husfolket våkna og eg kom heim til lukta av nytrakta kaffi ☆ 

Alltid like koselig med besøk av husfolket til "Nora" men ekstra koselig at dei kom oppom på hytta ☆ Tim Are og Sebastian leika seg og vi andre drakk kaffi og prata...

Måtte jo berre tømme litt meir av billassa vi har tatt med oss...så Då testa vi ut den som var tenkt som "hagekjøkken" - den passa godt i kråa på kjøkkenet...Blir nok stående her tenke eg ;)
Før middag var ønsket frå barna å gå opp Vikersundbakken så då var det berre å hoppe i treningstøyet, hive seg i bilen og ta fatt på bakken :) Vi brukte 22 minutt til toppen...forbedring potensiale så absolutt, men litt pause og bilde takling måtte til.


Etter ein sein middag såg vi film "Kule Kids gråter ikke"...

Ingen dum start sjølv om det regna litt innimellom...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Oppbygging av heimesida igang......IGJEN!

Eg som trudde eg ikkje hadde tålmodigheit i det heile!!......I dag/kveld har eg sett at det faktisk er litt likevel, så om du trur meg ell...