mandag 18. mai 2015

Herlige daga med familie ♥

Kor heldige er vi ikkje når Sunnmøre viser seg på sitt vakraste dagane før 17. mai og vi berre ønska at yr og storm tek feil i meldigane for 17. mai!! 
Så godt å få samlast å ikkje minst med ein fridag og familiekos på torsdag der vi samla oss 14 stykker til mat og kakkling...
Eg og mine to søstre tok ein kveldstur på Leirvågfjellet fredag 15. mai...

Surt og lite som minne om somar 16. mai...kroppen min ville veldig lite og var litt utslått midt på dag, men satt meg i soffan å såg på barna - alle 6 søskenbarna som fauk rundt, leika, tulla, krangla litt men mest koste seg. 
Litt opprydding og tilbereding til dagen etter før søstrene mine og eldste svoger kom på besøk ♥ Så koselig med litt mat og god drikke, prat og fjas...til forandring frå før så å drakk eg nåkken glas raudvin og det hjalp på skrotten det asså, men eg kunne godt huska vannglaset også ;)


Eg vakna 17 mai litt på sida av meg sjølv  der sola stålte inn…åj, kva er det med denne dagen? Skule, jobb, lege eller kva skjer!!? Herreminhatt det er jo 17. mai! Sånn kan det gå når ein våkna etter at ein har sove meir og betre enn normalt gjennom dei få nattetimane!! Så raudvin ein gang inni mellom er slettes ikkje så dumt ;)
Vant morgonsyssel med litt rydding, hive saman litt mat, stryke, gå tur med hundane og så gjere seg klar for toget. Tog, skulen og så på Sunde for feiring ilag med familien kjempe koselig som alltid!!...
Toget i Langevåg og Tim Are med fana til klasse 1B Langevåg skule...
"Duskejenta" Katja...
Familien samla til tradisjonell bildetaking 17. mai...
Skal tru kva ho planlegge no når vi skal bort og rundt treet!?...
Skulle organisere oss rundt treet, men med disse her så blei det sjølvsagt ikkje som tenkt, ja der Tim Are klatra opp treet så eg og Tom hadde nok med å halde han i hendene ;) 
Katja på berga ved Storfjorden...
 Mine alt 
Åsså kjærestane da...steik kor romantiske kvelda vi kan få framover om ei stund...
 Gladguten våra hoppa rundt på berga...
My favorite place and view on earth 
Sjarmøren vår på leikeplassen med "vektstanga"...
Eg med mine kjære søsken på verandaen til mamma og pappa...Storesøster Irja til venstre, lillesøster Eirin, meg og lillebror Narve 
Det har vore brukt magi når disse fjella vart til...ismagi var det nok ;)
Mi kjære lillesøster og de tre guttaboys i fjøra å lita etter krabber...

Irja, Stig og barna for litt før sju og då blei det fjelltur med tunge skrotta på meg, mamma og Eirin, men sjølvsagt ein fin tur uansett om farta ikkje var like høg som vanlig ;)
"Mille" på toppen av Leirvågfjellet kledd i Aafk farga som var gåve frå Japanfarerane ;)

Vel heime la barna seg, Tom såg film og eg tok turen ut i stampen for litt massasje av skrotten, ja så joina eg resten av filmen...
Alltid så kjekt når Irja og dei er her og dei fleste av oss er samla, berre så synn tida går så alt for fort...

Eg valde å gå drite i motepolitiet og gå i joggesko i toget (orka ikkje å ligge i 3 daga for å skulle ta meg ut med bunadsko)...disse vart litt for spreke meinte Tom og Eirin så eg skifta til nåkken litt mer nøytrale (ja om joggeskoa min kan kallast det!)... ;)
Men, no må ein berre nyte dei glade maidagane som er før den også er forbi...
Klem –Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kan eg gi heilt slipp!?...

...på alle guttane i dette kullet!? Neppe...det er dei eg har plukka opp først heile tida og eg er jo så svak for disse mindre hormonelle he...