lørdag 23. mai 2015

Sula kommune vakn opp!!...

Kjenne eg blir litt provosert for vi snakka om kommunesamanslåing og at Sula kommune har stor arbeidspendling ut av kommuna og for lite næring sjølv. Ja, då må våre folk i kommuna ta henda ut av lomma å begynne å gjer nåkke!
For no har vi enda (mange fleire tidligare som ikkje fekk plass til å vekse) ei bedrift som vil vekse og vil fortsette med det, også klare "vi" ikkje gi dei rom til det og dermed reise dei til Ålesund dei også!!...

Det her blir berre for dumt å sitte å lese om utan å sei nåkke!! Vi må begynne å ta vare på dei som vil skape noko her i kommuna slik at det ikkje berre blir spøkelse igjen!...
Kjøp Sulaposten i dag så får du lest heile innlegget!!...

Vi kan faktisk klare oss på eigne bein om vi passa på å gjer ting i rett rekkefølge og her er det nåkken som har sove i salen, kommunestyret må vel sjå at vi er avhengig at her er bedrifter i Sula!?
Håpe inderlig at de laga rom for å drive og ikkje minst la dei bedriftene som har ønske om å utvikle seg i kommunen få mulighet til det...

Sula kommune har vore og er i vekst, og det er no enda større mulighet for å drive næring her. Så eg håpe næringane veks ilag med innbyggjartalet!! Samtidig må vi som bur her vere flinke å bruke dei bedriftene som er i kommuna framfor å "handle" utanfor.

No har eg igjen vore litt ufornuftig og støkke nasen borti ting eg ikkje har meg å gjer, men jaggu kjekt å ytre litt meiningar :) 
Ha ei fornuftig pinse...
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Blomstrande framtid?

...eller eg burde heler spurt korleis vil den blomstrande framtida sjå ut!?   I dag såg eg på facebook at min tidligare hovedlever...