søndag 29. november 2015

Sulanissen og Svansnissen

Første søndag i advent og premiere på "Sulanissen og Svansnissen" - Eit flott førjulsspel av Jens Arne Molvær!!

Sjølv om vi har hatt det hektisk den siste tida med både "det eine og det andre" så har vi her i heimen hatt nedtelling på det som skulle få oss i litt ekstra julestmning - "Sulanissen og Svansnissen" ei forestilling av dramaelevane ved kulturskulen i Sula. Vi har sett den tidligare men i år litt ekstra stas då Katja var med og premiera gjekk utrulig bra!!
Forestillinga var flytta frå Friheim til amfiet på Langevåg skule og syns nesten det var enda betre!! Men, det kan sjølvsagt ha noko med at vi satt så nære...

Eg hadde  med kameraet og tok litt bilder av dei utrulig flinke, dyktige og flotte barna!!
Trykk på bilda for å få dei i større format...
 Full snøballkrig mellom nisseleirane...
 Herlig drakamp!!
 Sulanissebarna og Svansnissebarna i kvar sin leir...
 Den kule reven...
Hald i skjørtekanten til mor di du!!...
"Glad i deg"
 Sulanissen og Svansnissen dreg i kvart sitt nissebarn...
 Kvar sin gang med arm og fot i veret gjer underverket ;)
 Tuuuuusen takk for ei herlig forestilling og for ein fin gjeng!!
Sulanissen med si SulaSigrid...

Eit fint avbrekk frå oppussinga og utrulig kul forestilling med flotte barn og herlige replikkar!! Nesten så eg vil ha med meg dei to neste forestillingane...Så har du mulighet anbefala eg på det sterkaste å sette av mandag eller tirsdag til herlig god underhaldning i Langevåg.

Ønska de alle ei herlig, rolig, koselig og fin adventstid...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...