torsdag 3. desember 2015

Minnene har eg i hjartet

Tirsdag prøde eg å nå deg sist...Eg skjønte det måtte vere noko når vår felles venninne har prøvd å ringe meg i dag, spesielt etter eg ikkje fikk kontakt og du ikkje ringde tilbake. Sjølv om du ha vore sjuk blei eg heilt satt ut, for du har vore den venen som eg alltid har hatt kontakt med i hundemiljøet sjølv om helsa mi har haldt meg borte...

Det var gjennom tida i raserådet for flatcoated retriever frå 2006 vi blei skikkelig kjend, og eit vennskap som har betydd mykje for meg og så uendelig trist at du no ikkje er her lenger...
Vi har alltid hatt fine og lange samtala, fine besøk med deg og du her hos oss, spist lunsj og møttes når eg har vore i Oslo. Eg minnast alle samtalane, diskusjonar om hundar, planane om tura til England, og ikkje minst ønsket om å gå i fjella her på Sunnmøre!! Eg er lei meg for det vi ikkje fikk gjort, men samtidig er det så godt at ein ikkje slutta å planlegge og levet livet til det siste...Eg vil spesielt sakne ditt herlige humør, gode latter og teite humor!!... Eg vil absolutt sakne det å diskutere hunda og linjer med deg!!

Du kjøpte din første hannhund for konfirmasjonspengane ja det same gjorde eg, og to år etter kjøpte du deg di første tispe og det same gjorde eg. Vi har prata og flira mykje av det vi har gjort...du var berre mykje gamlere enn meg ;) neida akkurat 10 år men det viste sjølvsagt ikkje...

Tusen takk for ditt gode venskap gjennom mange år, alle gode samtala, og ikkje minst for den kunnskapen du har delt...
Det er mange som har mista ein fantastisk person i dag, og ikkje minst retrieverNorge og hundeNorge er ein stor person fattigere!!...Tårene renne for deg kjære i dag...

Kjæraste engel måtte du ha det ufattelig godt og håpe du har ein heil haug med svarte og brune firbeinte rundt deg 

Saknet er stort  du er i hjartet mitt kjære ven...Glad i deg 
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Off,måtte inn og lese for overskrifta virka så trist.Og dette var sannelig trist! Livet er urettferdig Anja!!!! Føler med deg i sorgen over tapet av en god venn!
    Toveklem :)

    SvarSlett

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...