tirsdag 19. april 2016

Minutt blir til timar...

...og timar til døgn no når det kun er snakk om ei lita stund igjen til valpane kjem så går alt så uhorvelig seint ;) 
I morra er det 63 daga sidan første paring, men med tre paringar veit ein aldri kva dag ein skal rekne frå, og ikkje minst kan ho gå nokre daga over!! Men ein ting er heilt sikkert og det er at valpane kjem når dei kjem!!......godt er det at dei er klar når dei kjem no når ho har gått så lenge, men hadde ikkje gjort nåkke å kunne få helse på dei no :)
Ikkje så lett å få fram skikkelig bilde av magen, men det er ikkje akkurat den minste magen eg har sett på ein drektig hund...
Her kan de sjå valpane bevege seg ❤️

No er Nora så diger at det er vanskelig å få lagt seg godt til og ikkje minst det å få vaska seg skikkelig, men det går fortsatt med litt ekstra engasjement.

Eg kjem tilbake med oppdateringar når valpane er født...så her kryssast alt for ein grei fødsel og sprell levande skatta, ja meir som svarte diamantar ❤️💎❤️
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ferie er ferie...

Seint på natta var vi veldig klar for å reise heim og eg var igjen "påkledd"...her sit Katja i senga med meg og resten på ven...