lørdag 9. april 2016

For ein dag!!

Ja, fredagen var ein dag av dei sjeldne!!...Herreminhatt kor mykje som kan bli av ei twittermelding frå politet ;) 
Telefonen har gått varmt og har eg prata i telefonen så har nye anrop dura inn...må ærleg innrømme at eg har hatt "sekretær" i dag då min kjære svoger og mann har svart ;)
Ikkje berre media men mange som vil høyre kva som har skjedd så derfor la eg det berre ut og med det enkelt å svare dei fleste som lura.
 Vi tek det meste med eit smil...å det må til for å få ut alt av "møkk" :))

Pumpe, vask og klor x-antal ganga for å vere sikker på at det vart reint...

Ikkje det kjekkaste å må gå til verks å ha slik ei storreingjering, men her tok gubben arbeidet grundigare enn nokon gong!! 
No når jobben med reinsing er gjort (og det ser ut til at det kun er mindre skada heldigvis) så då kan vi berre flire av det heile!!

Men, heretter er det påbudt for leigetakarar å ha hund i hus ✔️
Ha ein rein og fin kveld!! 
-Anja-


Saka var omtala først av NRK, så 
Sunnmørsposten og Tv2Nyheitene fann også denne historia ganske så unormal og med god underhadningsverdi. Må vel sei at heile saka er litt rar og syns sjølv det var ei spesiell historie i det elles så dystre nyheitsbilde...det var det nok mange som syns med tanke på alle delingane som har vore frå dei forskjellige nyheitskanalane. 

Men, for ei tid sida tok eg og andre kontakt med media for å få hjelp ang ei sak som berøre mange her i kommunen...då var det lite tilbakemeldingar og ingen skriveri!!! Så då har det ikkje noko med kapasitet for ein slik liten ting gjer dei mykje utav for å få skrive om det!! Ja når media ser at det politiet la ut får så stor oppmerksomhet så vil dei vel både ha lesera og klikk sjølve også...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...