søndag 24. juli 2016

Romestrandhornet

I dag har Cecilie, Tim Are og eg vore på Romestrandhornet/Festøykollen ilag med Sky og Keesha!!..
Ein superfin tur i herlig selskap :) Etter vi hadde kost oss vel og lenge på toppen skulle vi berre ta "sjarmøretappa" til bilen.........ja eg sei alltid at det er værst å gå ned, men når eg klare å trakke over så det small etter berre første ura så kan eg sei at turen ned var litt låk, men det beste med overtråkke var at eg ei stund hadde meir vondt og fokus på ein anna plass en normlen :)))

Cecilie vart ikkje skremd av å gå tur med meg så gleda meg til enda fleire ilag!!...i og med Joey (han er frå det siste kullet vårt) ikkje er stor nok til tur så fikk ho sjølvsagt låne ein med oss. 
Vi hadde ikkje gått mange metrane frå bilen før vi gjekk forbi ein kar som nett hadde komt ned, og med kommentaren "pene damer og fine hunder" så kan eg sei det slik at vi går både langt og bratt i varmen på den ;))) 
Ein flott tur med ei bra stigning (Festøykoolen/Romestrandhornet 911 moh, ja eg og Timmen som var oppå varden så rekna eg med vi var på 912,5 moh...hihihi) men for alle inkludert meg tru det eller ei som er høgderedd så har denne toppen ingen luftige parti! Så om det er andre som vil ha god utsikt til Sunnmørsalpane og vil starte ein plass kan dette absolutt anbefalast. Valpekjøpera og hundevenner frå fjærn og nær må berre sei frå om dei vil på vandring ;)
To av dei firbeinte flattane vart igjen heime, og dei var litt sjalu då vi kom heim i kveld...men, det er kvar sin gang på "stortur".

"Fjellgeita" vår lede an...
Dei framste fjella her er Svinetind og Rametid med mørkestova mellom seg, i midten rett bak ser de Ramoen/Jønshornet...
 No har Timmen kome til toppen der framme ;)
 Her vinka han til dei heime som har rigga opp med kikkert... 
 Kor heldig eg er så har slikt ein flott turven...
 Dette lille fjellet er det eg går på veldig ofte og har den fntastiske utsikta..."alle" kjem seg opp der...
Hus nummer tre til høgre for fergekaia bor vi...
 For ein gjeng!!...
 
 "Keesha" og "Sky"...
 Timmen tek seg ein flytur ;)
 Det gjekk unna med han nedover, så stoppa han for å vente på oss fire (eg sinka med kraftig overtråkka fot)...medan han venta bygde han små varda...
Om eg ikkje tek feil er dette den første store uren til Keesha...

Håpe de likte bilda like mykje som vi likte turen!!
Eg hadde tenkt å avslutte dagen med ein liten kveldstur ilg med mamsen, men må nok kvile foten litt...vond er den, men ligge høgt med den og gubben har servert is - ja til foten asså ;)
Ha ein høgtsvevande kveld!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Gaustatoppen 1883moh

Tilbakeblikk på oktober så har eg litt lagra i minnebanken...Det vart nok ikkje heilt den hausten eg såg fram til i fjella og som eg alltid...