mandag 9. januar 2017

Treng du hundeleike!? - Prosjekt Katja til Crufts

Katja laga leiker i mange farga og litt forskjellige størrelsa...


...Jepp eg sa hundeleike eller berre dingsa som valpen og hunden din kan bære rundt på? 
Her i huset har vi opp gjennom tida hatt mengde med leike og bamsa som hundane har hatt av ymse slag og kvalitet. 
Så begynte Katja å lage dei aller beste til våre firbeinte som ho lærte av vår kjære valpekjøper og gode venn!
Det er ikkje alle som verken vil eller har tid til slikt så derfor kan Katja lage til dåkke så slår vi to fluge i ein smekk!!
Katja får tjene seg penga til det som for tida er henna livs stor draum, og du får flotte leike til hunden din!! Ho tenkte litt på den ideen då ho såg liknande leike på ein stand ved utstillinga på Lillehammer i sommar...og no skal ho prøve for lysta på å reise er jaggu stor! Så for ein normal knute tek ho kr. 50,- så dei større og med mange farga tek ho 70,- Det vil også bli laga enda større...

Det har seg slik at vår kjære datter har blitt bitt av hundebasillen...ho fikk blod på tann etter ho debuterte i ringen i Trondheim og kunne nesten ikkje vente til neste utstilling, og no ser ho fram til Bø i februar :)
Men, etter ho hørte om Crufts så har ho eit brennande ønske om å reise dit på bursdagen sin og sjå flatten i ringen dagen etter!!...Eg trudde det var til London og shopping ho ville, men nei ho ville sjå flatten i ringen og det varma jo hundehjartet mitt det.
Det skjer mykje på hundefronten mykje som mange barn berre kan drøyme om, og derfor syns eg ho faktisk må jobbe seg heile vegen til Crufts...



************************************************************************
"Katja til Crufts"
************************************************************************

Å finne ting å kunne gjer for å betale reisa var ikkje enkelt heilt til ideen om å selge leikene ho laga.
Så no vil ho produsere så aldri før og ho er godt igang så no håpe ho der er eit lite marked for ho "der ute"!!...hadde sjølvsagt vore kjekt å kunne få oppleve Cruftsdraumen ilag med ho no når ho fylle 13 år i mars så vi får sjå kva ho kan klare å sanke inn...
Lite utval av farga og størrelsar...

Om det her kan vere av interesse så send meg gjerne ein mail eller ei melding på messenger/telefon 
Eg må berre ønske Katja mykje lykke til med prosjekt "Katja til Crufts"!! :)
Klem -Anja-

NB! Har jo eit stort ønske om at ho skal lykkast for eg kan jo ikkje la ho reisa aleine dit så då får eg hjelpe ho litt med å markedsføre salet!...og trur ho set pris på kvar ein som dele og vil kjøpe ei lita leike eller to-tre :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Aniskringle

I dag har vi hatt ein skikkelig innedag...Litt meir julepyntingen i huset på formiddagen og elles berre ein lang bakedag. Må flire av Katja ...