fredag 20. januar 2017

Love Don`t Bother Me

Hils på vårt kjære og nye tilskudd til flokken ♥ Kvasneset`s Love Don`t Bother Me...
Saga - skal tru kva ho vil fortelle oss etterkvart!? Men ein god begynnelse er det, syns veffal eg!..
I går fekk eg ein stor bukett med dei mest fantastiske roser frå valpekjøpera  Det å få blomster er ikkje kvardagskost for ein blomsterdekoratør og då blir eg både glad, takknemlig og rørt...klarte å halde tilbake sjølv om det var vanskelig, men kunne ikkje begynne å grine ved første møte ;)
Måtte ta bilde av rosene, vår nye herlig kruttønne (vi diskutera fortsatt namn, men etter at eg besøkte svigermor med ho i går og ho sa at Saga var så fint så tenke eg det er greit å bruke det) og meg sjølv da som alltid tek meg steike bra ut så derfor kutta vi litt ;) ...

Hils på vårt kjære og nye tilskudd til flokken ♥ Som innlegget er dette det nye namnet på det nye tilskuddet til floken vår, og ja det passa perfekt!!...Det var kun eit namn som var planlagt til ein av dei 13 i dette kullet så at vi fikk ei av mine golåta frå den spede ungdomstida mi var berre flaks. 
Men då vi i går sat å diskuterte namnet henna og Katja skulle kose så hadde ho ikkje ro på raua og ja ho drit i kjærleiken berre ho får styre som ho vil...
Vi har nok igjen tatt "kruttønna" i kullet og med det håpe eg vi skal få mange fine trenings stunde!!
Tom vil ha ho med på jobb om dagane så det her lova godt!!...For det er ingen hemmelighet at alle hundane er ekstremt besatt av kjerringa i huset så kanskje eg skal klare å halde fingrane litt frå fatet slik at dei finn kjemien og får utfalde seg utan innblanding av meg. Men, heilt ærleg korleis gjer eg det??


Som alle i kullet på 13 er ho bedårande vakker og sjarmera på rampete vis. Kan ikkje sei anna enn at eg er dritsliten no og set faktisk pris på å få mindre å vaske...for når vi er akkurat ferdig å vaske etter 13 stykker så begynne vi på nytt igjen når nummer 12 har gjort frå seg ;)

Takknemlig for at alle har/skal få slike flotte heima ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...