torsdag 18. mai 2017

Å for ein festdag ♥

Bildet av meg, mamsen og Keesha var tatt av ei som kom på toppen då vi satt der...

I dag som elles vanleg låg eg tidlig våken i senga...eit par tima før salutten håpte eg å få sove litt til for å ha mest mulig å gå på i løpet av dagen.
Sju salutta fikk eg med meg og utrulig nok ikkje ein einaste firbeint som laga lyd. 
Det gjekk sjølvsagt i eitt frå første minutt...Klargjering av kaker, lufting av hunda, foring, vasking etc. Skulle gjerne satt meg for å sjå litt 17. mai sending, men då stivna eg så det turde eg rett og slett ikkje, for her må hjula haldast igang om dagen skal gå rundt ;)
Så var det å få valpane ut i luftegården sin og dei andre ut, så ser eg bilen og tenke shit den er som vanlig ikkje eit glansbilete...Eg tek på spylarslangen og ser at eg må fine ein svamp...kunne ikkje gå inn til Tom å spør så derfor stjal eg ein i bua til fadern. Så høre eg frå badevinduet "ka i svarte du drive med!?" Det var gubben som meinte eg var spikk spenna gal...å ja er nok det, inn igjen og måtte dusje igjen, ut og få inn valpane og akkurat tidsnok til å kjøre forbi Fiskerstranda 2 minutt før toget skulle gå. 

Eg og valpane før festen starta...

God tid i Langevåg så nedom gravstedet til Svigerfar...Hadde kjøpt rose til han, men då buketten som vi fikk då vi vann BIS oppdretterklasse i helga var så fin ville eg ta med den. Kva er vel betre å sette på grava hans enn den? Han som alltid syns det var stor stas når vi kom heim med rosetta og premiar som hundane har vunne. 

Etter litt venting skulle vi få høyre Katja lese ved minnesteinen før kransepålegging. 
Her står dei klart til å begynne...
Trykk og høyr dei flinke elevane her...

Etter "Ja vil elsker" og toget begynte å gå for dei fleste av oss innover til Solevåg der vi no høyre til. Vi satt frå oss bilen og gjekk toget i møte slik Timmen fekk følge toget eit stykke. 
Litt mat, leika og mingling på skuleplassen før vi for heim for å fortsette festen på skikkelig "Våra vis" ;) Koldtbord med alt for mykje mat, godt å drikke og kaker...

Etter siste kakebit skifta eg og mamsen sko og gjekk på tur. Folk gjorde store auge då dei møtte oss på veg til fjells, ein ville neppe gløyme den turen der, dei fleste syns vi var sprek og ei ville ta bilde av oss på toppen!!...Vi syns det var veldig varmt men absolutt rett å ha festdrakta på heile dagen. Heldigvis med oss litt leskande og nede på veg heimover stoppa vi med min kjøre bror for ein kaffi med noko oppi ;)
 Mamsen på veg oppover...
 Med sjølvutløysar fekk vi eit par bilde...

Takk for den lille, samansveiste og sterke familien vår ♥ eit par søskenfamiliar mangla men dei var med oss i tankane...
Ein utrulig kjekke 17. mai ♥♥♥
Saman er vi sterk og det er det ingen som kan øydelegge...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...