For eit team!!...Vi er nok langt ifrå høgtidlige og det her er berre steike gøy!!
Frå venstre: Dommar Colm Beatti, Sølvi Øyen med "Chico" snart 7 år, Anja med "Bobby" på 2 år, Katja med "Keesha" på 2 år, Cecilie Reiten Vollvik med "Joey" på 1 år!!...
BIS Oppdrettergruppe NKK Internasjonale utstilling i Ålesund søndag 14. mai 2017
BIS 1 - Flat coated retriever Kennel Kvasneset, Eidsnes Norge
BIS 2 - Newfoundlandshund Kennel Bikkjehaugen, Sylling Norge
BIS 3 - Portugisisk Vannhund Kennel Aquafortis, Hvittingfoss Norge
BIS 4 - Airedale terrier Kennel Rabben, Arneberg Norge
This was an international all breed dogshow.
In the final ring for breeders (4 dogs from the same breeder) the result was:
1 place Flatcoated Retriever "Kvasneset"
2nd place Newfoundland "Bikkjehaugen"
3rd place Portuguese Water Dog "Aquafortis"
4th place Airedale Terrier "Rabben"
...På dei siste treningane for oss med Kvasneset hund så har eg berre sett pelsen slippe frå gang til gang på alle hundane, og for meg som er den fødte optimisten er det kanskje rart eg er så "kritisk" til eigne hundar, men slik er det alltid. For meg har det vore viktig å kunne tilføre "positive" representantar til rasen og då ikkje minst gjerne forbetre eller forsterke ting for kvar generasjon.BIS 1 - Flat coated retriever Kennel Kvasneset, Eidsnes Norge
BIS 2 - Newfoundlandshund Kennel Bikkjehaugen, Sylling Norge
BIS 3 - Portugisisk Vannhund Kennel Aquafortis, Hvittingfoss Norge
BIS 4 - Airedale terrier Kennel Rabben, Arneberg Norge
This was an international all breed dogshow.
In the final ring for breeders (4 dogs from the same breeder) the result was:
1 place Flatcoated Retriever "Kvasneset"
2nd place Newfoundland "Bikkjehaugen"
3rd place Portuguese Water Dog "Aquafortis"
4th place Airedale Terrier "Rabben"
Har alltid sagt at om eg kan velge så vil eg gjerne ha jamne og gode hunda i kulla istadenfor ei stjerne og kanskje andre mindre bra...og med det er jo det kjekt å få bedømt heilheiten i ei oppdrettergruppe.
Før eg kjem så langt så må eg få med meg valpekjøpera til å stille, og få det til å passe inn med forvertar. I år fikk vi med 6 hunda totalt frå eit herlig #teamKvasneset!!
Sølvi og Jarle stilte med "Chico" NUCH Kvasneset`s Himmelens Diamant. Av heimebuande hunda stilte vi kullsøskena "Bobby" og "Keesha" Kvasneset`s In Lond Desember Night og Kvasneset`s In Case Of Christmas, så fikk vi med oss "Joey" Kvasneset`s Keep The Faith og kullsøstra "Gaia" Kvasneset`s Keep Your Head Up som begge debuterte i ringen på offisiell utstilling - her håpe vi pelsen er på veg tilbake på begge to til neste utstilling så blir heilheita super!! ;)
Då Sindre og "GP" Kvasneset`s Greys Anatomy dukka opp på trening så syns eg det var kjekt å kunne børste støvet av ho og stille i veteran...
Veldig godt fornøgd med 6 stk excelent kvalitet og tre som plasserte seg med CK (Champion kvalitet). Alt kan faktisk berre bli betre for ramma og linjene på hundane er der, og med litt pels for å gjere inntrykket komplett gler eg meg til vi får vise dei igjen ;)
"Bobby" sjarmera dei fleste som er innom her, men eg har vel aldri opplevd at ein dommar og dommarelev har blitt så sjarmert av eit slikt vesen...Han er jo ein skikkelig kosegris som fikk ein suuuuper kritikk!!
"Helt gjennom tiltalende og maskulin hannhund av prima type. Vakkert maskulint hode. Velbygd og velvinklet. Bra størrelse. Bra pels. En fornøyelse å se i bevegelse. Meget gode linjer." og søstra Keesha var ikkje så lite dårlig den heller: "En linjevakker tispe av beste kvalitet. Vakkert feminint hode. Flott hals og overlinje. Velvinklet og velbygget. Bra pelskvalitet. Effektive bevegelser."
Eg hadde etter påtrykk frå Katja meldt på oppdretterklasse. Litt usikker på om eg skulle stille, men disse fine folka rundt meg sa at vi var her og påmeldt så var berre for meg å finne ut kven eg skulle ha med.
Sølvi med Chico, Cecilie med Joey og Katja med Keesha stilte sporty opp og slepte med seg meg i ringen med Bobbyèn...
Frå dommar Anne Liland var kritikken:
Oppdrettergruppe fra tre ulike kull. Alle typiske Flat Coated. Meget bra hoder, kjønnspreget. Meget bra bevegelser.
Gratulerer til oppdretter. HP - Hederspremie (HP og nr. 1 kvalifiserer til BIS ringen).
Vi var ferdig litt før klokka eitt og finalane begynte ikkje før ca. kl. 14.30 og eg ville helst heim...Katja og Cecilie meinte på at det var berre å vente for no var vi tross alt her!! Sølvi sa at ho blei om eg ville det. Eg måtte tenke litt for smertene i ryggen og foten var nesten uuthaldelige - men med forståelsefulle folk rundt meg hjalp dei meg så godt med alt!! Så vil jo ikkje skuffe dei, og eg som til vanlig stort sett flira følte at eg var litt smågrumpy og det er jo ikkje akkurat så koselig...men de haldt heldigvis ut ;)
Rundt kl 16.00 vart vi sendt inn i oppsamlingsringen for oppdrettergruppene. Uerfarne både hunda og handlera så håpte vi på at vi skulle plassere oss.
Den eine lekre gruppa etter den andre kom så kjem det frå Sølvi "jaja du har med deg litt av nåkken handlera, vi ser skikkelig bra ut!" :)) hahaha...gøy har vi det veffal!!
Inn i den store ringen prøvde vi å gjere så godt vi kunne. Å eg sa at det her går sååå bra og vi skal vere glad vi får ei topp fire plassering. Når nummer fire og tre vart oppropt og vi stod igjen så beklaga eg meg til teamet vårt for at eg var litt pessimistisk ;) Så ropa dei opp "vinner og dagens beste oppdretter - flat coated retriever" så blei vi rett paff og eg måtte GRATULERE dei så masse og takke for at dei haldt meg igjen! :)
Det er jo utrulig stas å bli belønna slik!!...For ei som har eit lite oppdrett der fokuset er å prege valpane på best mulig måte for at familiar skal få det beste utgangspunktet for sitt nye familiemedlem. Å eit håp om at helsa er topp og at hundane er lett å handtere kjem resultat på utstilling, og bruks som eit stort pluss!...
Nåkken få bilde frå utstillinga...skal prøve å få litte betre bilde av dei alle neste gang. Då er det ute og kvaliteten på bilda blir så mykje betre!! Tusen takk til dåkke som knipsa når vi andre var i ringen.
"Chico" har vi også som regel stilt i betre pels...
Her stille Katja GP (Gyda kalt her hos oss, men då ho flytta til Sindre 3-4 mnd. gamal fikk ho namnet Pia - derfor GP) i veteran...Ho har dei siste åra blitt frisert med kjøkkensaksa, men vi fikk forma ho litt likevel ;)
Herligste Keesha eller Kis som eg syns låte betre ;)
Ikkje berre var det oss som stilte hunda som kom, men ein valpekjøper frå det siste kullet kom med skjønneste Dino - eg måtte berre sei hei og beundre han frå avstand då eg skulle stille eit par som var litt "lettpåvirkelig" av den glade gutten. Fikk tilbakemelding frå folk etter dei var reist at dei hadde møtt den og hadde "smelta". Eg ser han heldigvis ofte på trening ;)
Så utrulig kjekt at vi no har fått eit miljø rundt her og så klare vi å følge med og ha kontakt med dei rundt om i landet med facebookgruppa som vi har. Er du interessert å bli med i teamet vårt så ta gjerne kontakt med oss!!...
Takknemlig for disse firbeinte skattane ♥♥♥
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar