søndag 22. april 2018

Ein skatt i fjøra mellom mykje...

...boss, ja fjøra er full av boss, men ein  skatt har sikkert også vorte funnen og eg fann veffal ein!
Om nokon klare å tyde denne flaskeposten eller veit kven som har sendt den så gi meg gjerne ei tilbakemelding!!...

I går laurdag var den store ryddedagen der vi på dugnad skulle prøve å fjerne alt som ikkje høyre til langs fjøra.
Eg hadde veldig lyst å bidra, men måtte ta alt av hundestell først. Stod opp klokka seks å starta med lufting, mating og vasking med valpane. Etter frukost fikk eg ein tur på fjellet og var nede før 10 så var det å få ut valpa så ein tur nedi fjøra. 


 Det er på ein måte godt vi ikkje ser kor mykje vi forsøppla denne naturskatten...Samtidig er det greit å sette fokus på det innimellom (gjerne oftere) slik at vi kan klare å stoppe det!?...
Eg skulle berre gå oppi graset her litt og høyre det knasa litt under meg og det kunne ikkje berre vere tørka tang...
Måtte berre filme slik eg kan vise korleis det ser ut nokre plassa...

Når eg starta noko går eg inn for å gjere ein innsats og det kjente eg i går kveld og natt...dagen har ikkje vore så bra så langt i dag heller, men prøve å gå opp på fjellet snart så blir kanskje forma eller veffal energien betre :)

Eg fann mykje dritt som ikkje høyre heime der, og når "vaksne" folk klare å drikke så synes eg det er greit dei klare å ta med avfallet heim eller til næraste bossdunk også! Skal tru om alle dei som hive frå seg mengde med boss om det er nokon av dei som klaga sin naud over hundeeigerar som ikkje tek opp etter seg?? For å unnskylde dei som ikkje plukka opp (lika ikkje å gjere det asså!) så rotna veffal dritten ganske så kjapt i motsetning til alt det avfalle vi plukka i går...
 Utrulige mengde som vart samla inn i går...
Eg er nok i overkant sta...Så kven trur du vann over plasten her, eg eller tornekrattet som passa på det!? Jepp, det var eg og eg kan ikkje sei det var behagelig på ein anna måte enn at eg fikk vekk bosset...her hadde det gjort seg om eg hadde med ei rive eller noko liknande ;) 

Ikkje for å snakke om alle som står i ferjekøa å tek seg ein røyk på utsida av bilen - det var utidig mange sneipa som låg langs ferjekø strekninga!...
Uansett kven og kva det er så er mengda så stor at vi alle må gå i oss sjølve for å bli betre på avfallshandering.
Vi har no satt fokus på FNs bærekraftsmål 14
Legge ved dei tre første punkta her som eg meina er satt for lite fokus på av Sula Kommune med take på korleis dei vil handtere kloakkavløpet sitt...No sa eg litt meir i den saka noko eg sa eg ikkje skulle!!... 
Mål 14. Bevare og bruke hav og marine ressurser på en måte som fremmer bærekraftig utvikling
14.1 Innen 2025 forhindre og i betydelig grad redusere alle former for havforurensning, særlig fra landbasert virksomhet, herunder forurensning forårsaket av marin forsøpling og næringsstoffer

14.2 Innen 2020 forvalte og verne økosystemene i havet og langs kysten på en bærekraftig måte for å unngå omfattende skadevirkninger, blant annet ved å styrke systemenes motstandsevne og iverksette gjenopprettende tiltak for å gjøre havene sunne og produktive

14.3 Mest mulig begrense og håndtere konsekvensene av havforsuring, blant annet gjennom økt vitenskapelig samarbeid på alle nivåer
Eg skulle så gjerne vore på vandringa i går kveld, men det klarte eg ikkje og var i seng før barna...
Veldig kjekt å sjå at det var ein del som var ute å rydda i går...så utrulig kjekt å sjå når nokon kosa seg stort i fjøra med litt grilling i ryddepausa!!
Håpe alle er litt meir betenkt før dei hive frå seg plast og anna dritt ute i naturen...
Ha ein naturlig og rein dag...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Valpa leveringsklar til Jul 🤍

Herlige skatta 🤍 …Når dei er leveringsklar så tett oppi jula, er det «bonustid» de som kvalpekjøpera får saman med kvalpen… Herlige svarte ...