Det har vore ein fantastisk fin dag ❤️ Den starta tidlig, ja heile to tima før vekkerklokka skulle ringe så eg var i gang med dagen i det eg høyrde saluttane klokka 07.00.
Elles går det i valpa og hund, fikk igang ein skral kropp med litt vasking...ikkje beste dagen, men må berre legge vekk tankane på vonter og berre gunne på! ;)
Valpe- og hundelufting, mating og reingjering...i går kom eg på at Timmen ikkje hadde vore til frisøren - slik går det når alt går litt i surr og han alltid har fult opp med noko å styre med. Då måtte mamsen til pers igjen i dag tidlig, men frisør er eg ikkje, men hundesaksene duge nær vi treng det som mest :)))
Tom var ikkje i form i dag og måtte bli heime (dermed hadde eg «valpevakt» slik at dei kunne kose seg ute i det fine vêret). Så då var det berre eg, Timmen, mamma og pappa som gjekk ut for å møte toget...
Kom ned igjen å var klar til kaffi, kaker og Prosecco som avslutning på ei veldig fin feiring ❤️❤️❤️
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar