tirsdag 30. april 2019

Kva kategori kjem det under...?

Kjerring(?), for det var nokon som sa at det var slik og på veldig mange andre måta ei kjerring skulle vere!! Så då er eg kanskje berre under akkurat den kategorien - kjerring?? Ja ja kanskje ta med at eg er ei ganske så udugeleggjort kjerring...etter at helseNorge gjorde sin fatale inntreden i livet mitt for 8 år sidan så  har ting måtte gjerast på litt utradisjonelle måtar, men ja det kan jo passe for eg er langt frå A-4. Kanskje om du ser vekk frå følelsa for det har eg mykje av, berre at eg for tida prøve å skjule ein del bak eit steinansikt...men det kjem opp når folk har ei meining om meg å det eg gjer.
Eg er ute å går - om du vil vite det så rann tårene å dei kjem ikkje så lett når det er snakk om smerter opp mitt vanlege og daglege fjell!! Ja, for det gjer pokker så vondt innimellom å vere kjerring...
I helga reiste Katja og Tom på Baldus Cup til Lillehammer der nok fleire sikkert hadde ein del heime til førebuing til konfirmasjon. 
Ja eg har høyrt at mannfolka bør vere heime å ta grovarbeidet eit par veke før festen så kjem mødrene inn som skal pimpe huset til fest :)
When you work like a princess, you can act like one..! Right..!?

Men ho kjerringa her gjer det ikkje så enkelt for seg sjølv...Ja for ho vil jo ta del i eit kvart prosjekt på dette tunet her kanskje ikkje berre ta del, men forklare korleis det skal bli, korleis ho vil det skal bli gjort, å korleis ho ikkje vil at det skal bli gjort. Så vil ho nok påpeike at slik ville ho ikkje gjort å dermed gjere det sjølv...!!! Jaja noko i den dur om ho gidde å vente på at folk les gubben finne ut kvar tid han skal begynne...istaden for å irritere seg over ting som ikkje blir gjort når og slik ho vil så tek ho fatt på ting ho ikkje alltid veit korleis skal gjennomførast! Men, som regel få ho faktisk gjennomført dei på ein eller anna måte der ho som regel er tålig godt nøgd med resultatet. Å samtidig er ho dritsur på eigen kropp for at den ikkje henge med på alt ho dreg den med på. 
Så finne ho ut at suring kjem ein ikkje så langt med å må dermed sjå det positive i det negative!! Så om skrotten «dett saman» har ho veffal eit prosjekt i boks 😇
Før, under og etter...

Når Tom var så heldig å få sjå handballkampar kjente kjerringa på godfølelsen i det å få gjort noko utan å høyre at eg må tenke på kroppen - slik og sånn bør eg ikkje gjere...etterkvart i løpet av helga så kunne eg konstantere at det bur ein liten anleggsarbeidar i meg i tillegg til ein optimistisk gartner som bevega seg litt over som snekkar ei kort periode...
Sjølv om det er rom for forbetring å at eg skulle fått gjort så mykje meir så vart ho nøgd så langt. Litt endringar og eit par dagar nærare den store dagen... 
Måtte ta opp igjen denne greia her då skvalderkåla alt hadde skvalderfest å var i ferd med å ta over heile skiten...! Så på med duk og bark så håpa vi på det beste... 
Å når eg skrive dette kl. 23.41 rett før vi går inn i mai måned så hadde eg sjølvsagt ikkje dagslysbilde...
Men sjølvsagt ein liten filmsnutt fann eg på telefonen...Ja, så sjølvdiggar er eg at eg filma litt det eg gjer på ;) 
Desse grøne morderbuskene har si heilt eigne histoie som gå litt utover "normal galskap" så tru eg helde det litt for meg sjølv enda (forutan dei som var så uehldig å få den på snap!)...

Men, sjølv om eg no har delt nokre tankar frå litt normal galskap så har eg ikkje akkurat funne ut kva kategori eg hamna under...
Pappa meinte på eg hadde gjort litt over emne når eg gjekk rundt som ei krokete breibeint kjerring...men, eg tenke at så lenge eg ikkje ligg å det fortsatt er pust å eg gjere litt ;)

Det er så viktig å få brukt seg litt å ikkje minst så godt å få gjort ting sjølv akkurat som ein vil..!
Klem -Anja-

1 kommentar:

  1. Anja, du er en inspirator, som raust deler av dine erfaringer. Du motiverer ved å vise bilder av både hunder og blomster, la spesielt merke til 2 svarte hoder som dukker opp i bakgrunnen på "før"-bildet ditt ;-). Så et program på TV i går fra Japan, hvor det ble sagt at hagen skal oppleves og nytes med hjertet, og dermed følelsene <3. Akkurat slik er du, og så lar du oss andre også få ta del i det. Fortsett med å være deg selv! Hilsen ei kjærring fra nord Norge, husk at kjærring også kan være en kjærlig betegnelse :-)

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...