torsdag 2. januar 2020

Deleige/Forvert...!!


For alle som elska tura i fjellet, skog og mark er det faktisk perfekt tid for å få sin nye turven i hus..! Du får tida framover til å forme valpen og la den utvikle seg, få bygge muskla og bli stor, og når den beste tursesongen på seinsommaren og hausten kjem så kan du ta kompisen din med deg. 
Kennel Kvasneset har i løpet av 2020 vore oppdrettar av flat coated retriever i 20 år!!
Vi har no kome oss til S-kullet som er nummer 19 i rekka og som no er klar for levering...

I og med vi har og har hatt eit forferdeleg ver her på Sunnmøre så har det blitt lite med gode bilder av disse herlege skattane...men, då kan eg med glede dele ein del minne frå tidligare, og dei aller fleste har tilknytting til disse valpane frå den eine eller andre sida..!!  

Tre generasjonar med tispe, frå høgre Kvasneset`s Ayla født 2000, Kvasneset`s Frøken Lisa født i 2007 og Kvasneset`s Himmelske Honoria født 2010...
Vi førtsette med Kvasneset`s Himmelske Honoria født 2010 frå høgre, så Kvasneset`s In Case of Christmas født i 2014 og Kvasneset`s Oooh La La La født 2018...
Vi har nokre verkeleg herlige valpa som no er klar for levering til dei rette heimane..! Nydelige, sosiale, robuste og herlige valpa som er fylt med liv, dei er nysgjerrig og aktiv, men roleg så snart dei kjem i armane. Det er sunne, gode og vakre hundar som ligge bak, men mest av alt nokre fantastiske familiehundar ♥ 
Vi har fortsatt både tispe og hannhund ledig så er det interessant så ta gjerne kontakt for å høyre meir...


Vi helde til på Sunde like ved Ålesund, der valpane vekse opp i heimemiljø, får mange positive påvirkingar, er godt sosialisert og vil vere godt rusta for livet "utanfor valpekassa". Vi legg stor vekt på at valpane skal ha så gode oppvekstkår som mulig. Vi veit kor viktig dei første vekene i livet til dei firbeinte er og vi gjer vårt aller beste for at dei skal få ein så god og trygg valp som mulig...
Bestemor Nora på farssida både vakker og flink...
Til høgre mora til Nora, Lisa som då blir oldemor på farssida...
Kvasneset`s Ayla som er valpane si tippoldemor på farssida hadde eg utruleg mange flotte opplevingar saman med i utstillingsringen..!
Men, ikkje minst var ho ein fantastisk hund for Janita...
Bajas saman med Sky si mor Annie i 2011 då dei var her frå Tsjekkia for å bruke Bajas som resulterte i at vi i dag har Sky, og desse valpane..!
Bajas etter at han vart UtstillingsChampion - NUCH NVCH Kvasneset`s Braveheart som er bestefar til valpane...
Overraskande og veldig gledelig då oppdrettergruppa vår sprang inn til Best In Show på NKK utstilling..!!

Vi har no flat coated retriever valpa som vart født 04.11.2019 etter Kvasneset`s Keep The Faith "Joey" og Lavender Sky Black Brianta "Sky"...!! 
Av desse vil vi ha muligheit til å gå vidare med linjene og vil derfor deleige/sette valp ut på foravtale. Valpen blir levert som resten av kullet registrert i NKK med helseattest, id-merka (chip), 4 behandlingar mot innvollsorm, vaksinasjon, ein valpepakke som inneheld mellom anna ein fyldig valpeperm med diverse informasjon, teppe med lukt frå mor og søsken etc... 


Om du er interessert i å sjå meir om oss og våre herlige firbeinte kan du sjå på Kennel Kvasneset på www.kvasneset.com - instagram Kvasneset og facebook Kennel Kvasneset... 


Herlige valpa frå H-kullet i 2010...
Hundane er ein stor del av livet vårt, her er det Tim som liten saman med "Bajas"...Han er bestefar til valpane på morssida 
Her er Tim Are i ringen saman med Ayla i barn og hund...Kvar gong eg ser dette bildet så høyre eg kor han skratta...!! ♥
Kvasneset`s Just For Fun "Berta" som valp i 2015...


Har du lyst å høyre meir om deleige eller er du berre interessert i ein valp frå oss må du gjerne ta kontakt ♥
E-post anja@kvasneset.com eller telefon 900 18 619 :)
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Når du får Satan i trynet...!!

...mulig eg kunne kome på ei betre formulering, men det er akkurat det som kom til meg verken meir eller mindre... Som mange kansk...