lørdag 7. mars 2020

Oooh La La La

Herligste «Abi» Kvasneset’s Oooh La La La er 2 år i dag 💖 


Heilt utrulig kor fort tida går, og ikkje minst spesielt at eg sat eller låg på eit hotellrom i London og fulgte med på fødselen heime. I tåka tok eg med meg Joey på toget, så undergrunnen og stoppa av alle ting på Oxford Circus og endte opp midt på Oxford Street!! I og med O-kullet nett var fødd var det ei fin tispe i Tromsø, Keela som på papiret heite Kvasneset’s Oxford Street 🐾 Gratulere alle i O-kullet med dagen..!!! 

Dette kullet er etter «Keesha» - Kvasneset's In Case Of Christmas som er etter SEU(u)CH NOUCH C.I.E. WW-14 DKV-14 JEUW-13 Caci's Hit The Road Jack «Rebus» x Kvasneset's Himmelske Honoria «Nora»
Faren det er «Blossi» - VDHCH Silkmann`s castle No One`s Better No 5 som er etter C.I.E. SEU(u)CH NOUCH SEVCH KBHV-09 EUW-10-11 WW-10 Caci's A Boy Like Daddy «Ryan» x VDH CH Elding`s Fire No.8 Of Silkmann`s Castle «Hrapa»

  
Noko av det eg likar så godt å gjere er å planlegge for framtida, sette til live nye kombinasjonar som forhåpentlegvis kan tilføre rasen gode individ. Det gir liksom livet for meg meining og eg er veldig glad i det, og når ein gjer ting ein både lika og blir glad av ja då er det ein fin måte å leve livet på...
Det er så viktig å gjere ting som gir deg glede og eit fint og innhaldsrikt liv 💖
Klem -Anja-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Noreg, kva skjer eigentleg..!?

Norsk natur...er det dette noko av det vi vil rassere og selge ut av landet..!? Ja, kva er det eigentleg som skjer her til lands??...