mandag 5. januar 2026

18 år..!!

…Timmen min, du er alt blitt 18 år - ein flott vaksen mann og då må eg spørre meg sjølv, kvar har tida blitt av ♥

Reisa saman med deg har vore mellom anna vore innhaldsrik, fin, gøy, litt skummel og ikkje minst mange fine opplevingar. Turen vår i august har eg lagt i den store dyrebare minnebanken min…Ei av disse oppleving for livet!

Vi starta her i Runnane og med nokre få små stopp kjørte vi opp til

Nord og sjekka inn på eventyrlege Skagen Gaard, tre dagar med supert selskap og to dagar i og ved ringen før vi kjørte rundt Botnvika og ned til Helsinki…

No vil eg dele nokre bilde frå denne fine turen saman med deg og kanskje kjem det meir seinare.


Fint at vi fekk samme fine sommaren i nord sommaren 2025 når du var med, akkurat som då eg og Katja var der i 2024…
Her er du saman med Abi, Xo og Sansa frå kveldstur på Straumøya med utsikt mot Bodø…
Like før dette bildet fekk vi sett flokken med elg på markane…

Turen nordover på natta var meir som eit eventyr og spesielt med dei skybrota som vi fekk sjå i Nord-Trøndelag og i det vi kjørte inn i Nordland.
På Nordlandsporten fekk vi oss litt søvn i bilen før vi kjørte vidare.
Bildet her er då vi stoppa for lufting av både oss og hundane ved Polarsirkelen på Saltfjellet.

Fredag kveld og vi har sjekka inn på fantastiske Skagen Gaard…
Det skal eg forhåpentligvis dele og skrive meir om seinare.

To dagar i og ved utstillingsringen i Fauske. Flotte dagar der vi fekk sjå fleire fine hundar og ikkje minst kjekke folk!!
Heilt klart Rette personen å sette ein kvalp i fanget på 
Vi stilte oppdrettergruppe som fekk HP begge dagane, tusen takk for hjelpa til Kjell Arne, Marianne og Barbro..!!
Grunna varmen laurdag stilte vi ikkje i den store ringen og søndag starta nokon på heimvegen og vi på veg mot Finland.

Ja denne turen var eit eventyr på mange måtar!! 
Ei lita stund etter vi hadde kome oss inn i Sverige fann nokre reinsdyr ut at dei skulle hive seg ut i vegen rett framføre oss. Litt kraftig bremsing resulterte i litt låste bremser på hengaren…sikkert noko eg skulle ha sjekka før tur, men alt virka ok då - så ja, ein lærer så lenge ein leve…
Vi var heldig å møtte ein hyggelig fyr i dei svenske skoger som stakk heim å henta ein hammer som vi vaken med på resten av turen. Vi kjørte opp på litt kanta og dunka laust, herlighet den natta trur eg Timmen var ein tanke oppgitt over senkning «galne» mora si ;) Vi kom oss omsider til Kemi for i Tornio fekk vi ikkje hotell - Sverige var ikkje eit alternativ for å ta med seg gjengen med firbeinte inn på eit lite rom.
Takk for at i Finland skjønna dei at hundane kan ha det betre i sine trygge omgivelsar enn inne på eit varmt hotellrom!!

Mange flotte stader på reisa vår gjennom Norge, Sverige og Finland - Her Olhava i Norra Österbotn, Finland 

Den veka vi var i Helsinki budde vi på Scandic Park Helsinki, fantastisk med hund og gode tur moglegheiter. 
Her like ved Toolonlahti - det store vatnet som var fin turveg rundt.

Her er vi ute på Suomenlinna/Sveaborg…
Ein utrulig fin dag saman med besta og besten, Rasmus, Kristian og ikkje minst min tremenning Anne (som vi traff kvar sommar då vi var små) og henna barn.

Etter ein dag ute på fortet tok vi ein matbit på torget i Helsinki…

Gjengen på veg tilbake til hotellet etter ein lang dag med trasking og mange fine opplevingar…

Rasmus kunne ikkje hatt det betre på tur der du var ein trygg, god og stødig storebror kvar enn han gjekk 

Etter verdensutstillinga - World Dog Show, søndagen reiste vi til Naantali for Spahotell og ikkje minst besøke Mummidalen.




Så takksam for deg kjære Timmen min og så veldig stolt av den guten du har vore og som no har blitt ein flott mann. 

Og som eg sa - no, no har eg ingenting eg lenger sku ha sagt…! 😅 

Uendeleg glad i deg 


Klem -mamma-




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

18 år..!!

…Timmen min, du er alt blitt 18 år - ein flott vaksen mann og då må eg spørre meg sjølv, kvar har tida blitt av ♥ Reisa saman med deg har vo...