torsdag 23. mai 2013

Politikk! - Kommunalpolitikk....

...Eg om det på bloggen min!?? Ja, etter å ha kjørt barna på skule og barnehage skulle eg sjå i lokalavisa og ta meg ein kopp kaffi - det skulla eg kanskje ikkje gjort ilag, for kaffien gjekk vrangt og blodtrykket steig oppover og bikka streken for det "normale"...

Først blei eg litt engasjert av den første artikkelen…
Men, då eg bladde om sida……….då rann blodet som flommen på austlandet og var nær ved å gå vegar det ikkje burde – ja, akkurat slik vatnet på austlandet! Når “det “ blodet får så kraftig reis, så kan ein berre sjå kva konsekvensar flaumen har fått full sympati med alle som er isolerte, alle som har fått verdiar øydelagte og håpar berre det ordnar seg fort og at ingen blir skadd!! - konsekvensen her er at dampen må ut og då er det greitt med eit “lite” bloginnlegg ;)
 
Sjølv med ei smilande Kiwidame mellom artiklane fekk det ikkje akkurat meg i “godlune”…
Når eg les “Millionar til data i skulen” som overskrift på andre artikkel blir eg nesten satt ut etter det nye eg hørte på veg til barnehagen i dag!! Joda, det at Sula Kommune no skal lage større klasser og kutte heile 6 lærarstillingar!!! Er det mulig spør eg!???
Vi kommunestyret kan no slå seg på brystkassa og sei seg nøgde med at vi har fått nye skular – og sei at det er tida for å fylle skulane med innhald!
Innhald? Sei dei!!...eg blir engasjert til tusan!! Dei skal kutte lærarstillingar og gjerne då dei yngste som er engasjerte og skal få elevane til å lære – fullare klasser for å vere sikker på at kunnskapen bli enda vanskelegare å nå ut med, så greitt å berre gi kvar elev ei ny maskin for det, DET lærer barna så mykje meir av!!
Fylle skulen med innhald? Eg meina på det sterkaste at dei rasserar den til fordel for litt meir fancy maskiner…
Når dei kan sei at utstyret i dag er for gammalt - Jauda eg såg det med det blåtte auge når eg var å omvisning på nye Langevåg skule, men det gjer då nytta si. Eg vil heller at mine barn skal ha gammalt utstyr enn midre lærarar pr. elev og dårlegare føresetnad for å lære.
For å sei frå at dei trengte nytt utstyr i skulen blei det sagt, sitat Sulaposten; “ Datautstyr kjøpt på fredag – var for gammalt på måndag”. Ja, men då er vel ikkje datautstyr som har så kort “levetid” første pri for våre barn!? – Nei, eg vel at vi skal satse pengar på lærarane!!
Om elevane må gå til dataskapa for å finne pc og at dei er av eit litt eldre slag tek dei vel ikkje store skaden av, men det å ikkje få med seg lærdom i ei overfylt klasse og kanskje “utdaterte” lærarar det tek dei faktisk skade av!! Missforstå meg rett, men eg har overhode ikkje noko imot å ha eldre lærarar!!

Håpar at folk tek tak i denne saka nåkke eg renar med folk har gjort!
Det er kanskje satt på spissen her og klart skal barna ha skikkelig materiell, men når der ikkje er nok folk til å lære dei å bruke det er vitsen vekk spør du med…
Ønskjer alle ein flott og lærerik dag!!
Klem -Anja-

mandag 20. mai 2013

Instagram


I går hadde vi ein herlig dag der eg vi var ute frå før ni på formiddagen til klokka nerma seg halv ti på kveden...Vi beisa, planta og kosa oss med pizza etc...
 
...Jepp, no både huska eg at eg er der og ikkje minst brukarnamn og passord ;) Kan ein kalle det at ein fekk dilla etter ein dag!??
Denne gangen tok eg same namn som bloggen min og det blir nok til at det blir blanding også på instagram med barn, hundar, butikk, huslige syssler og litt mat :) så om det kjem bilder på instagram som nåkken ønskjer oppskrift på kan eg berre legge det ut på bloggen her…
Vil du søke meg opp ligg eg under anjasskatter med lukka profil men vil sjølvsagt ha følgjera da ;)

Nåkken bilder frå starten av mi “instagramferd” – skal tru om det blir fleire!?...
 Bestefar på gråtassen, tulipan i hagen og fått på fontena med vann og lys...
 Blomster til Ferdinand sin barnedåp...
No er mandagen godt i gang og dagens bolla er ferdig og vi kan nyte sola ute...

Ønskjer dåkke alle ein herlig dag!!
Klem -Anja-

onsdag 15. mai 2013

Posekroner


Denne her i tre er berre så tøff#stilig#rålekker...
 
…er berre eit namn på nåkken av alle dei flotte varene i butikken no og må berre dele nåkken bilde av dei!!...Eg må berre få “skryte” litt å sei kor masse fine varer vi har ;) Det er litt her og litt der for ein kvar smak, det står litt rundtom, er du heldig så ser du nok heilt sikkert ei “hybelkanin” eller to, litt sand på golvet eller litt støv på hyllene. Jadda, alt skal vel eigentlig vere på stell til ei kvar tid, men det rekk vi nok ikkje over. Vi prøver så godt vi kan, men det er ikkje alltid godt nok – men eg ser det også som eit godt teikn…

 Her er eit bilde frå kvar side av bordet...

Det har vært og fortsatt er veldig hektisk på blomsterfronten, men nyte varer har også strømt inn, og det DET lika vi godt!!

I dag kvar dag har vi flotte kundar innom, men nåkken gir deg innimellom det lille ekstra hadde vi ei kjempe skjønn dame innom, ho var først innom ein gong og etter ei stund rundt om i vågen kom ho tilbake for å handle meir, vi fikk så flotte tilbakemeldingar på butikken og alle dei flotte varene om du er innom her, vil eg berre sende deg igjen ein ekstra takk fo å gjere dagen eit hakk betre ♥♥♥ Ein annan kunde som var innom var overvelda av butikken og meinte på at vi hadde nåkke unikt………Eg skjønner ikkje heilt korsen eg skal klare å “gi opp” dinne draumen av ein butikk, men om ikkje eit mirakel skjer på korsen eg kan kare å drive vidare så må eg berre gjer det…så då er det berre å kose seg så lenge det skulle vare…
Her ser du litt oppå og rundt benken og bordet...
Oppå bordet står diss lekre lysholderane som vi nett har fått inn vi har hatt liknande inne tidligare, men disse er nye i butikken no... 
 Stilig lyslykt eller vase...
Zinkfat med forskjellige sølv lysestakar frå forskjellige leverandørar...


Vi ønskje dåkke alle ein herlig kveld  ♥♥♥Klem -Anja-

mandag 13. mai 2013

Glede ♥

…Er eit dekkandes ord når det e snakk om den fantastiske jobben eg har – berre som nåkken har fått med seg at det er eit stort skår i denne gleda…
Ei tid har det vore ein fin medisin berre det å få gå i butikken å snakke med fantastiske kundar, sjå på flotte varer og ikkje minst sette saman lekre blomster 
♥♥♥ Det er balsam for sjela og herlig å kunne få gjer istadenfor å måtte legge seg…

Eg har tatt ein avgjerelse om å selje butikken, men det er nok ikkje akkurat det eg har mest lyst til. I forige veke fikk vi inn massevis av lekre varer og ikkje minst hadde vi masse blomsterbinderi til både barnedåp, begravelse og massevis til konfirmantar…då berre drøymde eg om ein god rygg og berre legge vekk alt av sal av butikken!!...
Eg laga dekorasjonar til ein konfirmant og ikkje nok med at konfirmanten sjølv var frå seg av begeistring, men når mora i tillegg fikk tårer i øyne ilag med eit par andre damer i butikken for ho syns det var så fint gir det meg så utrulig masse glede, inspirasjon og ikkje minst energi til å holde meg oppe!!...Eg må berre få takke så masse til alle dåkke flotte kundar som er innom å gjer ditte til ein fantastisk jobb (så lenge det varer)!!...
Her ein dag hadde vi også nåkken kundar innom å sa kor fornøgd dei var med det som vi hadde levert for dei i kirka – utrulig kjekt med slike tilbakemeldingar…

 Dekorsjon i mindre utgave...
 
Med bilder av mine “favorittfargar” vil eg ønskje dåkke alle ein herlig mandag og god start på veka…
Klem -Anja-

søndag 12. mai 2013

Lekre varer frå Nomi-Import og lys frå SafeCandle

Lekre lamper, puter, urne, etasjefat, lysholdera etc. frå Nomi-Import...
 
Vært borte ei lita stund, men slik går det når ein først har datatrøbbel og ikkje minst når ein har kjekke ting å styre med….

 
 Dei største lysa er til utandørsbruk og er av plast...
Små lekre lyslykter frå Nomi-Import med teksten "Life is beautiful"...
Fine kronlys som gir eit fint lys...har du lyskrone i ei hagestue og problem med at lysa ikkje vil brenne i vinden har vi eit alternativ som vil funke ;)

På butikken har vi fått inn så masse fine varer frå fleire leverandørar!!
Vi har fått inn igjen dei flotte lysa frå SafeCandle – flammeløse lys som er voksbelagt som vi har hatt før og ein ny tpe som er av plast til utandørsbruk...
Eg ser på ine kveldsturar at det er fleire som har lys ståande ute i lykter og gir ei koselig stemning. Det er timer på lysa og det er fint å komme heim etter jobb og lysa har slått seg på og ønskjer velkommen heim.
Lysa er trygg å bruke overalt og ikkje minst flott for dei som reagerer på vanlige lys…


Trygt å forlate uten tilsyn
* Oppladbare og batteridrevne stearinlys.
* Perfekt alternativ til åpen ild.
* Flimrer akkurat som vanlige stearinlys.
* Ingen risiko for brann.
* Miljøvennlige.
* Økonomisk lønnsomt.
 
Ønskjer dåkke alle ein fin søndag!!...
Klem -Anja-

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...