torsdag 23. mai 2013

Politikk! - Kommunalpolitikk....

...Eg om det på bloggen min!?? Ja, etter å ha kjørt barna på skule og barnehage skulle eg sjå i lokalavisa og ta meg ein kopp kaffi - det skulla eg kanskje ikkje gjort ilag, for kaffien gjekk vrangt og blodtrykket steig oppover og bikka streken for det "normale"...

Først blei eg litt engasjert av den første artikkelen…
Men, då eg bladde om sida……….då rann blodet som flommen på austlandet og var nær ved å gå vegar det ikkje burde – ja, akkurat slik vatnet på austlandet! Når “det “ blodet får så kraftig reis, så kan ein berre sjå kva konsekvensar flaumen har fått full sympati med alle som er isolerte, alle som har fått verdiar øydelagte og håpar berre det ordnar seg fort og at ingen blir skadd!! - konsekvensen her er at dampen må ut og då er det greitt med eit “lite” bloginnlegg ;)
 
Sjølv med ei smilande Kiwidame mellom artiklane fekk det ikkje akkurat meg i “godlune”…
Når eg les “Millionar til data i skulen” som overskrift på andre artikkel blir eg nesten satt ut etter det nye eg hørte på veg til barnehagen i dag!! Joda, det at Sula Kommune no skal lage større klasser og kutte heile 6 lærarstillingar!!! Er det mulig spør eg!???
Vi kommunestyret kan no slå seg på brystkassa og sei seg nøgde med at vi har fått nye skular – og sei at det er tida for å fylle skulane med innhald!
Innhald? Sei dei!!...eg blir engasjert til tusan!! Dei skal kutte lærarstillingar og gjerne då dei yngste som er engasjerte og skal få elevane til å lære – fullare klasser for å vere sikker på at kunnskapen bli enda vanskelegare å nå ut med, så greitt å berre gi kvar elev ei ny maskin for det, DET lærer barna så mykje meir av!!
Fylle skulen med innhald? Eg meina på det sterkaste at dei rasserar den til fordel for litt meir fancy maskiner…
Når dei kan sei at utstyret i dag er for gammalt - Jauda eg såg det med det blåtte auge når eg var å omvisning på nye Langevåg skule, men det gjer då nytta si. Eg vil heller at mine barn skal ha gammalt utstyr enn midre lærarar pr. elev og dårlegare føresetnad for å lære.
For å sei frå at dei trengte nytt utstyr i skulen blei det sagt, sitat Sulaposten; “ Datautstyr kjøpt på fredag – var for gammalt på måndag”. Ja, men då er vel ikkje datautstyr som har så kort “levetid” første pri for våre barn!? – Nei, eg vel at vi skal satse pengar på lærarane!!
Om elevane må gå til dataskapa for å finne pc og at dei er av eit litt eldre slag tek dei vel ikkje store skaden av, men det å ikkje få med seg lærdom i ei overfylt klasse og kanskje “utdaterte” lærarar det tek dei faktisk skade av!! Missforstå meg rett, men eg har overhode ikkje noko imot å ha eldre lærarar!!

Håpar at folk tek tak i denne saka nåkke eg renar med folk har gjort!
Det er kanskje satt på spissen her og klart skal barna ha skikkelig materiell, men når der ikkje er nok folk til å lære dei å bruke det er vitsen vekk spør du med…
Ønskjer alle ein flott og lærerik dag!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...