mandag 13. mai 2013

Glede ♥

…Er eit dekkandes ord når det e snakk om den fantastiske jobben eg har – berre som nåkken har fått med seg at det er eit stort skår i denne gleda…
Ei tid har det vore ein fin medisin berre det å få gå i butikken å snakke med fantastiske kundar, sjå på flotte varer og ikkje minst sette saman lekre blomster 
♥♥♥ Det er balsam for sjela og herlig å kunne få gjer istadenfor å måtte legge seg…

Eg har tatt ein avgjerelse om å selje butikken, men det er nok ikkje akkurat det eg har mest lyst til. I forige veke fikk vi inn massevis av lekre varer og ikkje minst hadde vi masse blomsterbinderi til både barnedåp, begravelse og massevis til konfirmantar…då berre drøymde eg om ein god rygg og berre legge vekk alt av sal av butikken!!...
Eg laga dekorasjonar til ein konfirmant og ikkje nok med at konfirmanten sjølv var frå seg av begeistring, men når mora i tillegg fikk tårer i øyne ilag med eit par andre damer i butikken for ho syns det var så fint gir det meg så utrulig masse glede, inspirasjon og ikkje minst energi til å holde meg oppe!!...Eg må berre få takke så masse til alle dåkke flotte kundar som er innom å gjer ditte til ein fantastisk jobb (så lenge det varer)!!...
Her ein dag hadde vi også nåkken kundar innom å sa kor fornøgd dei var med det som vi hadde levert for dei i kirka – utrulig kjekt med slike tilbakemeldingar…

 Dekorsjon i mindre utgave...
 
Med bilder av mine “favorittfargar” vil eg ønskje dåkke alle ein herlig mandag og god start på veka…
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...