torsdag 20. juni 2013

Norsk husmannskost

Det første eg høyrer når «gubben» kjem inn døra er: «Steik kor godt her lukta!» Det lova veffal godt ;) Men om ditte går gjennom smaksganane til ein som er gjennombarka «norsk» i matvegen er heller vanskelig å vite…

I så fall må vel heimelaga kjøttkaker og kålstuing komme på menyen fleire ganga er aaaaalt for sjeldan etter hans meining og må vel sei meg einig…
Eg laga kjøttkakene av 1,4 kg kjøttdeig, 1 stor løk, 5 egg, 1 stor neve havregyn, 1 god ts. Muskat, 2 gode ts. Ingefær, akkurat passe salt og ein del render med peparkverna ;)
Kålstuing av nykål kutta i ruter som ein koka i ca. 15 min. tok av ein del av krafta til saus. Ein god klatt smør og ca. 4 ss med mel, ca. 2-3 dl mjølk, ¼ ts med muskat, ca. 1 ts salt og 10 runde med peparkverna ;)

Det var dagens store arbeid og er nesten klar for senga……….men må vel prøve å gå meg ein liten tur før eg stupe til køys…
Ha ein fin kveld!!
Klem -Anja-



Matbloggtoppen
-->

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...