torsdag 27. juni 2013

Nervar...kan vel ikkje stemme?!

…Å joda, det var det eg hadde i dag – etter litt «jobbing» med «oppvarming» bøy og tøy etc. for å vere mjuke i kroppen til  kjøre bil utan ekstra smertestillande fikk eg eit lite anfall av panikk – tenke seg til nesten som eksamen på skulen om ikkje verre!! Ut på oppkjøring med hengar utan å ha trena nåkke forutan ein tur å tømde ein full hengar i går kveld har det ikkje blitt noko kjøring med bil og hengar i det heile…

Syns liksom det funka heilt fint å køyre rundt om utan lappen eg, småturar til austlandet med 10 bikkjer etc. er jo ingen problem så lenge hengaren er godt festa…
Før eg for ut døra heime var nervane i heilspenn og ja, magen dansa polka rundt ræva…men det må visst til så la gå…

Etter ei lang venting på biltilsynet fekk eg betalt og så bar det rett til bilen for tilkopling og sikkerhets kontroll…Jauda nervane var der igjen! Hengeren var på og nasehjulet skulle på plass og då tek eg det bakover, men av alle ting berre snudde eg det framover, men måtte sjølvsagt snu det bakover igjen!!...Det her starta jo steik bra!! Sjekka lasta, lys og bremse og klar for køyretur etter spørsmåla der eg sto bom fast på eit av dei, omtåka av nervekoppane fabla eg meg til nåkke og då var det berre tut og køyr!!...Hit og dit, opp og ned, fram og tilbake – åååå hei kor det går!!…med «suparAnja» bak rattet må det vel gå bra ;) hahahaha…det var to ting eg hadde i tankane før eg satt meg bak rattet, halde fartsgrensa og eg må holde begge henda på rattet!! DET, ja det klarte eg faktisk ;)
Bestått!! :)
God snu og rygge ferdighet. YES!!
Bruker hjelpemann og instruerer godt, god plassering av hjelpemann.
Gjennomgående god observasjon, systematisk overblikk av slep og god planlegging. 
Var spent når vi var tilbake i Olsvika og ho spurte om eg hadde nåkke å sei, det var jo at eg fikk jernteppe på spørsmålet og følte meg ganske så dum…Elles kunna eg tenkt meg betre kryss ned til sjølve Oslvika!! Nåkken som er einig der eller??
Eg fekk skryt for køyringa mi og då blei eg jo kjempeglad!! ;) Nesten så gubben skulla ha søtte baki berre for å få høyre det!!...
I går når vi kjørte bort i bingsa fikk han ei overhøvling då eg spurte han til råds…Eg spurte kor det var best å plassere bilen for å snu, fekk til svar at «nei det må du finne ut sjølv» ;) Makan til sær gubbe, når eg spør så forventa eg at han hjelper – å blei rett DRITSUR!! Synn at eg ikkje klare å vere langsur for det gjekk vel to minutt så satt eg å flira…Hørtes veldig bra ut då ho snakka, så regna  med at meget god som blir brukt på ei hundeutstilling er droppa her i dinne samanheng ;)

Men no er det altså gjort, eg kan no kjøre henger med alle bilar og når eg tenke meg om var jo det ikkje sååå gale!!...belønna meg sjølv med to nye genserar og ein nydelig dobbel Lapresso ;)

Etter ein fin kveldstur er det på tide å få dinne skrotten her til sengs, slik er det med oss gamle ;)
Ha ein herlig kveld!!
Klem -Anja-

2 kommentarer:

Halloween sa du?...

...jepp no er det snart Halloween der vi kan meske oss i det meste av snop, gørr og meir eller mindre ekle kostyme. Neida eg er ikkje gammal...