torsdag 4. juli 2013

Det grøne arket...

Eg fann eit ark……ja det kan kallast det eit slags avreve greier som eg har kladda på. Det skulle sikkert vere nåkken ord som eg skulle seie i disputasen til mi kjære søster, men det blei med tanken og eit krølla papir...– trur det var like så greitt med tanke på «tilstanden» min den gang…og innimellom no også. Halvannan månad etter eg tok første ryggoperasjon blei jo då enda vere i ryggen enn før og i tillegg store nervesmerter i høgrefoten!! Reisa i seg sjølv var rein tortur og haude var nok ikkje heilt i balanse med store dosar smertestillande…
På den krølla «lappen» med grøn bakside, for å gjere det forståelig har eg skreve opp det som var på den grønne lappen og strøke over kommentar til punkta mine ;)
Ja, ja så va vi her…vakkje tenkt å sei nåkke, va litt fram og tilbake heilt til no…bokstavelig talt heilt til NO over to år etter!..
- Grunnen: Jo, vi Roiha jentene e så sentimentale. DET, det er vi faktisk, kan jo begynne å grine berre av å tenke på at det kjem nåkke eg kan grine av ;)
- Som nåkken var inne på så hekkje vi i familien greie på ditte akademiske…men at Irja har gjort eit stort stykke arbeid e vi overbevist om. Vi er fem søsken der kun ein av oss har gådd meir enn tre år på skule etter ungdomsskulen, det sei vel sitt...

* Irja:    - Låg i senga å spiste frosne jordbær og las Sagaen om Isfolket. Dag ut og dag inn kunne ho ligge å lese disse bøkene, eg var så lei av berre sjå ho lese dei at eg aldri har begynt sjølv. Med fryseren ikkje langt unna fikk ho gnafse i seg frossen bær og legge bollar til tining på panelovnen ;)
                - Fikk søster til å gjer ting for seg etc.
Jauda, rydding etc. måtte til for å hjelpe lesehesten med å halde litt orden rundt seg...


* Røros på 50 årsdagen til papsen; Ej e jo akademiker ej. Det slengte ho ut i ein luftig kommentar, nåkken tok spøken andre dei blei nærmast lamslått...Hahaha men den har vi brukt imot ho nåkken ganga ;)


* Disputasen i dag var laaaang.­
- Spørsmål frå salen. Kven stiller vel spørsmål etter eit så langt og innhaldsrikt foredrag!? Joda, ei som er mentalt i dvale» og festa seg ved ei setning…Blir flau berre eg tenker på det!...
- Kan ikkje larvane spise lengre enn til dei e mett!?
Som hundemenneske (og hest) kan jo disse dyra forspise seg med fatale utfall...så nåkken forståing for det med larvane hadde ej ikkje den gang...


 
* Flyturen va lang. Nyoperert med dei komplikasjonane eg hadde måtte eg korte ned turen til Bergen med å ta fly, Jauda tåke på Flesland og dermed tur til Sola og derifra buss til Bergen...Det sei vel sitt at det var ein minnerik tur!! Hadde fleire eg kjente i bussen og deira bekymring for situasjonen min varma meg endå...

* Hurtigruteturen va lang og den slo. «Nåkken drite og andre spyr» (Hunden heime og mamma på bøljan blå)… Mamma og pappa tok bilen med på Hurtigruta nedover, DET var vel ikkje så lurt...mamma hadde utsikta rett i dassen heile vegen og lugaren fikk dei ha heilt til dei var i havn. Heim passa lillesøster hunden og den fekk dårlig mage berre på tanken av å vere aleine med ho ;)




Det var det på den grønne lappen, som skulle seiast for snart to og eit halvt år sidan...
I dag har du ein heilt vanlig bursdag... 36 år, trebarnsmamma på litt under fire år, innimellom der høggravid med nummer to fekk du doktorgraden din!! Unik og heilt deg sjølv ♥♥♥ Kjempe glad i deg søstra mi...



GRATULERER med dagen og måtte den bli super ♥♥♥
Klem -Anja-


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...